HeimNyheterSøk gratis plass i barnehagen vår!

Søk gratis plass i barnehagen vår!

Barnehagen sin uteplass sett frå luftaBarnehagen på båtturBarnehagen har fanga fisk

Fedje barnehage har to avdelingar med til saman 36 plassar for born i alderen 0-5 år.

I barnehagen vår har me små grupper, tett vaksenkontakt, god oppfølging og tett samarbeid med skulen. Borna opplever tryggleik gjennom fast struktur og gode rutinar, tydelege vaksne som rettleier og set grenser gjennom omsorg og respekt for det enkelte born.

Barnehagen har lange opningstider og er også heilårsopen. Barnehagen ligg i eit lunt område og har eit uteområde som er tilrettelagt alle typar leik,
og med utfordringar for alle aldersgrupper. I tillegg har barnehagen klatrevegg og grønsakshage på uteområdet. I nærleiken finn me fotballbana, fleirbrukshallen og symjehallen som blir flittig brukt. Borna startar med symjeopplæringa når dei er tre år!

Barnehageplassen vil vere gratis frå 1.august 2020, for alle born i alederen 0-5 år som er busett på Fedje.

Barnehagebarn i turløypa i markaBarnehagebarn ute i vatnet, i fjøraBarnehagebarn i leik i sanda

Kvar månad betalar ein kostpengar, og barnehagen serverer alle måltid; Frukost, lunsj og frukt. Til turar har me av og til med stormkjøkken eller grill, og elles smør me matpakke til borna før me går. Øya er full av fantastiske turområder og borna nyttar hytta i skogen og grillhytta på fotballbana. Borna leikar i fjæra, set ut og drar opp teiner.

Hjå oss vert borna sett og høyrde. Borna skal få kjenne på at barnehagen er til for dei!

Om du har spørsmål, ta gjerne kontakt med styrar Stine på telefon: 56 16 51 36
Det ligg også meir informasjon om barnehagen vår på barnehagesida på fedje.kommune.no

Dersom du ønskjer å endre eller søke om plass hjå oss, følg lenka: 

https://web-parent.prod.vigilo-oas.no/start-application/fedje


Sist oppdatert: 24.06.2020
Publisert: 24.06.2020