HjemAktueltNyheiterSmittevernreglar for deg som skal besøke sjukeheimen

Smittevernreglar for deg som skal besøke sjukeheimen

Smittevernreglar for besøkjande på Fedje sjukeheim, grunna Coronavirus

Når du kjem inn på sjukeheimen, desinfisérer du hendene dine ved hjelp av spritdispenser som er sett opp i gangen.

Følgjande personar bør ikkje besøke Fedje sjukeheim:

Personar som har vore i områder med vedvarande spreiing av COVID-19 siste 14 døgn.

Område med vedvarande smittespreiing: Kina, Nord-Italia, Østerrike, Iran, Sør-Korea, Singapore, Japan, Hong Kong

Personar som siste 14 døgn har vore i nærkontakt med person som er bekrefta smitta med COVID-19.

Nærkontakt vert definert som:

o budd i same husstand

o pleia/behandla eller handtert prøver frå smitta pasient utan å ha brukt anbefalt smittevernutstyr

o opphaldt seg i eit avgrensa miljø med ein person som er bekrefta sjuk med covid-19 i meir enn 15 minuttar og på mindre enn 2 meters avstand, har sete i nærleiken (to seter eller nærare i alle retningar) av ein person som er bekrefta sjuk med covid-19 på fly

o har vore del av same reisefølgje som ein person som er bekrefta sjuk med covid-19

Personer som siste 14 døgn har hatt teikn til luftveisinfeksjon. Dersom du hadde symptom med feber, sår hals og hoste dei siste 14 døgn, bør du utsetje besøk til institusjon.


Sist oppdatert: 09.03.2020
Publisert: 09.03.2020