HeimNyheterSkaff midlar til laget ditt!

Skaff midlar til laget ditt!

Frivillige lag og organisasjonar kan no søka om momskompensasjon.
Publisert: 12.06.2019
Sist endra: 12.06.2019

Ordninga med momskompensasjon vart innført i 2010 for å fremja det frivillige arbeidet i Norge. I 2018 fekk meir enn 24.000 foreiningar og lag midlar over ordninga, i alt 1,42 milliardar kroner. For 2019 er potten auka til 1,6 milliardar kroner, midlar som skal kompensera for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

For søknader no i 2019 er det rekneskapsåret 2018 som tel. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som administrerer denne ordninga, og den generelle søknadsfristen er 1. september 2019. Merk at det er tidlegare søknadsfrist dersom laget ditt er eit lokalt ledd under ein sentral organisasjon, som Norges Idrettsforbund eller Norges Musikkorpsforbund.

Lotteri- og stiftelsestilsynet ber om at organisasjonane startar arbeidet tidleg. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrerte i Frivilligregisteret innan søknadsfristen 1. september 2019, og her må ein ta høgde for at registreringa kan ta litt tid. I tillegg er det viktig å kartlegga om ein skal søka direkte eller gjennom sentralleddet, for søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Lotteritilsynet har notert seg at det er mange som kunne ha fått pengar som ikkje søker, og minner om at ordninga også er for organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre grupper, og ulike lokale foreiningar.

Du kan lesa meir momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden til tilsynet. Her finn du også informasjon om viktige endringar i forskrifta, som gjev effekt frå søknadsåret 2019.

For enkeltståande søkjarar er minstegrensa 100.000 kroner i totale driftskostnader, eller med dokumentert søknadsmodell 7.000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene, fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.