HeimNyheterSjekk rekningane dine frå kommunen

Sjekk rekningane dine frå kommunen

Fedje kommune har skifta til sentraldistribusjon av faktura, og dette har ikkje gått heilt knirkefritt.
Publisert: 30.04.2019
Sist endra: 08.05.2019

Ved utsending av fakturaer viser det seg at ein del rekningar har enda hjå feil personar. Pass difor på at dei kommunale rekningane du betaler, er stila til din husstand. Dette gjeld alle fakturaer som kjem frå Fedje kommune som har fakturadato seinare enn 18.01.2019. Du kan få oversikt over dine fakturaer, som skulle vore sende til deg, på heimesida ved å logge på med bankID på Min side.

Me sender i desse dagar ut faktura for kommunale gebyr for 2. kvartal, så sjekk godt at du mottek denne.

Dersom du har motteke faktura som ikkje er til deg, må du kontakte økonomikontoret på telefon 56165103/56165104.

Me ber også om at du tek kontakt dersom du oppdagar at du ikkje har fått rekningar du skulle hatt frå kommunen i denne perioden.

Kommunen ber om orsaking for at skiftet har ført til dette krøllet.