HeimNyheterResultat turmarsj 1.mai på Fedje

Resultat turmarsj 1.mai på Fedje

Les intervju med årets vinnar av turmarsj-rebusen, les om historikk og sjå fasit her
Publisert: 03.05.2019
Sist endra: 06.05.2019

(Innsendt av idrettslaget v/Jon Harald Leknes.)

For andre år på rad var det nesten 130 deltakarar (127 stk.) som tok turen gjennom den korte Nordsjøløypa på Fedje 1. mai og gjennomførte den tradisjonsrike turmarsjen, som har halde det gåande sidan 1986. Før 1986 skal det i følgje fleire kjelder ikkje ha vore vanleg å gå rundt i marka, slik det er i dag etter at turmarsj-traseen utvikla seg til i bli ein del av Nordsjøløypene her på vestlandet. Som vanleg var det 5 postar undervegs med 5 spørsmål på kvar.

Årets vinnar

Trond-Willy Færøy, som for øvrig kom på andreplass heilt tilbake i 1999, deltok for første gong på svært mange år, og stakk like greit av med sigeren, med 22 av 25 riktige svar. Gjennomsnittet var for øvrig 16 poeng. 22 riktige klarte også Andreas Stormark, som elles kom på tredjeplass i fjor. Dei to vart skilt på tiebreakeren. Der skulle dei tippa kor mange mål som er det meste eit Fedje-lag i fotball har scora i offisielt seriespel gjennom ein heil sesong. Andreas tippa 134, mens Trond-Willy gjekk for 212, som var kun 4 i frå det korrekte svaret, som er 216. Det høyrer med til historia at Trond-Willy hadde den fordelen at han sjølv spelte på laget som stod for denne prestasjonen, nemleg Fedje sitt lillegutt 1982-lag tilbake i 1994, for øvrig tre år før Andreas vart fødd. Trond-Willy var ein av nøkkelspelarane på laget den gongen, og stod sjølv for 39 scoringar i den aktuelle sesongen, dei fleste etter dribleraid, og hadde eit vagt minne av at laget scora over 200 mål på dei 16 kampane den sesongen.

«Målet for dagen var å vinna, men då eg kom i mål og fann ut at eg hadde 22 rette var eg usikker, men direkte overraskande at eg gjekk til topps var det heller ikkje», sa Trond-Willy då ein representant frå idrettslaget kom på døra for å gratulera og overrekka ein gigantisk sjekk.

Vinnaren Trond-Willy Færøy poserer med premiesjekken

«Sjekkens storleik var imponerande, ikkje like imponert over beløpet, men det viktigaste er sjølvsagt den heder og ære dette medfører i lokalsamfunnet», forklarte Trond-Willy medan han kvelte ein gjesp, han låg nemleg og sov då det ringte på døra. Han smilte på spørsmål om han vil delta til neste år for å forsvara tittelen, og sa: «Seieren kjentes godt, men kva framtida bringer veit ingen, det må eg vurdera etter kvart. Eg er sjølvsagt i stand til vinna igjen, men det er veldig mange skarpe hjerner på Fedje. Men skulle eg vinna igjen neste år vil eg nok gjera alt for å forsøka å tangera turmarsj-rekorden året etter». Her siktar han til rekorden til Bjørn Ove Ruud, som presterte å få alt rett og gå til topps heile tre år på rad tilbake i 1999-2001, og som vart såpass metta på suksessen at han «la opp».

Historikk

Resultatliste

(dei med minst 17 poeng, full resultatliste er sløyfa, øvrige kan ev. rekna ut eigen poengsum ut frå kva dei svarte opp mot fasit)

Plassering

Namn

Tips på tiebreaker (Korrekt svar 216)

Poengsum av 25

1.

Færøy, Trond Willy

212

22

2.

Stormark, Andreas

134

22

3.

Eckholm, Ronnie

210

21

4.

Borge, Erling

216

20

5.

Bettum, Alice Hatlem

223

20

6.

Nordby, Selma

200

20

7.

Mandelid, Amanda

237

20

8.

Nordby, Stine

178

20

9.

Lohne, Linda

137

20

10.

Hjelmeland, Ida

130

20

11.

Stormark, Line

98

20

12.

Lohne, Ingebjørg

83

20

13.

Nordby, Sanna

195

19

14.

Nordby, Sondre

190

19

15.

Nordby, Otto André

188

19

16.

Stormark, Karoline

136

19

17.

Stormark, Steinar

124

19

18.

Olsen, Tormod

99

19

19.

Uthaug, Rune Olav

90

19

20.

Øien, Marius

62

19

21.

Hagen, Tord

412

19

22.

Nordøy, Gard Gullaksen

203

18

23.

Hernar, Magnus

199

18

24.

Nordøy, Erle Gullaksen

198

18

25.

Nordøy, Trym Gullaksen

187

18

26.

Gullaksen, Silje Sulen

183

18

27.

Gullaksen, Tonje Hernar

176

18

28.

Stokholm, Andreas

162

18

29.

Bråthen, Vidar

154

18

30.

Blomvågnes, Elise

154

18

31.

Ramsdal, Jessica

53

18

32.

Husa, Mette

51

18

33.

Husa, Malvin

50

18

34.

Husa, Emilio

45

18

35.

Husa, Tino Emilian

44

18

36.

Husa, Elias B.

36

18

37.

Husa, Laila B.

36

18

38.

Nilsen, Ida Marith

171

17

39.

Tangen, Brit Gunn

168

17

40.

Torstensen, Eilif

151

17

41.

Lohne, Janita

148

17

42.

Torstensen, Olai

142

17

43.

Torstensen, Nils

142

17

44.

Torstensen, Kjersti

136

17

45.

Øien, Marit

97

17

46.

Husa, Jens

91

17

47.

Hansen, Katrine Fagerlid

54

17

48.

Wiken, Olai Fagerlid

54

17

49.

Husa, Anna Sofie Kjærstad

42

17

Fasit:

Alternativet i fete typer er det riktige. I parentes står det kor mange prosent av deltakarane som svarte det alternativet.

                      

1. Fullfør uttrykket: Opp som ei løve, ned som ein..

1) Skinnfell (74 %)                                            X) Pusekatt (22 %)                                           2) Geitebukk (4 %)

 

2. Kven av desse har søkt rådmannsjobben i Fedje kommune?                         

1) Vidar Kleppe (2 %)                X) Gjermund Hagesæter (98 %)            2) Terje Søviknes (0 %)

 

3. Kor mange poeng tok Ole Gunnar Solskjær i sine tre første kampar som manager i Premier League?

1) 0 (6 %)                                                        X) 6 (3 %)                                                        2) 9 (91 %)

Ole Gunnar Solskjær var manager for Cardiff i Premier League i 2014, og tok null poeng i sine tre første kampar den gongen.

 

 

4. Ein ball og eit balltre kostar til saman 110 kr. Balltreet kostar 100 kr meir enn ballen. Kva kostar balltreet?

1) 95 kr (12 %)                                                 X) 100 kr (55 %)                                               2) 105 kr (33 %)

For at reknestykket skal gå opp må balltreet kosta 105 kr og ballen 5 kr, då vert det 110 kr til saman og balltreet kostar 100 kr meir enn ballen.

 

5. Kva har EU-parlamentet nyleg innstilt på vedrørande sommartid?

1) Alle medlemsland kan velja sjølve om dei vil halda fram som før, med sommartid om sommaren og normaltid (også kalla vintertid) om vinteren, eller dei kan velja å ha enten sommar- eller normaltid heile året (22 %)

X) Sommartid forsvinn og det vert normaltid (også kalla vintertid) heile året (43 %)

2) Alle medlemsland må enkeltvis velja enten sommartid eller normaltid (også kalla vintertid) heile året (35 %)

 

6. Kva heiter mora til løparbrørne Ingebrigtsen?

1) Torill (13 %)                          X) Tone (83 %)                                                2) Tonje (4 %)

 

7. Programmet Debatten på NRK tok denne våren opp ein rosablogger-/influencerkrangel, som opphavleg oppstod mellom Kristin Gjelsvik og.. kven?

1) Sophie Elise Isachsen (91 %)            X) Caroline Berg Eriksen (5 %)              2) Anna Rasmussen (4 %)

 

8. Kven er dette, for mange tiår sidan? 

                                                                                    

1) Robert De Niro (31 %)                                  X) Mikhail Gorbatsjov (51 %)                             2) Kåre Thomassen (18 %)

 

9. Kven av desse levde i tre ulike århundre?

1) Helge Ingstad (41 %)                         X) Haakon Lie (39 %)                                       2) Oskar Tangen (20 %)

 

10. Kva skjedde sist?

1) Brua over Sildevågen vart bygd (24 %)

X) Den første utgåva av Eurovision Song Contest vart arrangert (41 %)

2) Dåverande ordførar Oskar Tangen fylte 50 år (35 %)

Brua over Sildevågen hadde i følge vegvesenet byggeår 1952. Eurovision Song Contest starta i 1956, og Oskar Tangen fylte 50 i 1955.

 

11. Kor mange seriekampar (av totalt 16) vann Fedje A-lag i 2018?

1) 1 (1 %)                                             X) 5 (10 %)                                          2) 10 (89 %)

 

12. Når var forrige gong kun tre parti stilte liste til kommunestyrevalget på Fedje?

1) 1983 (39 %)                          X) 1987 (38 %)                         2) 1991 (23 %)

I 1987 var det kun Høgre, KrF og Ap som stilte liste. Dei same stilte i 1991, saman med Ottar Tangen si den gongen nyoppretta Frp-liste.

 

13. Kva dyr kjem smalahove frå?

1) Sau (97 %)                                       X) Geit  (3 %)                            2) Gris (0 %)

 

14. Kva tiår var det første kor eit lag hadde kunstgras på heimebana si i toppdivisjonen i norsk herrefotball?

1) 80-talet (27 %)                      X) 90-talet (35 %)                     2) 00-talet (dvs. ein gong perioden 2000-2009) (38 %)

Fyllingen spelte heimekampane sine på kunstgras på Varden Amfi i1990. Aafk var det andre laget med kunstgras på heimebane i toppdivisjonen, 15 år etter.

 

15. Ein av dei tre påstandane under er fakta, dei andre to er fleip. Kva for ein er fakta?

1) Langs Portugals kyst kan ein nyta nokre av middelhavsbreiddene sine flottaste strender (16 %)

X) På 1980-tallet sleit Etiopia med sjørøvarverksemd utanfor kysten sin, men dei siste 25 år har ikkje dette vore noko problem for landet kor kaffeplanten har sitt opphav (23 %)

2) I kystlandet Monaco kan ein nyta ein god (og dyr) fleirretters middag på restauranten Le Louis XVI (Louis er Ludvig på fransk), som har tre stjerner i Michelin-guiden og er kjent som ein av verdas beste restaurantar (61 %)

Etiopia mista kystlinja si i 1992 då Eritrea vart oppretta. Elles ligg Portugal ved Atlanterhavet og ikkje Middelhavet, og det er ingen berømt restaurant ved namn Le Louis XVI i Monaco, derimot Le Louis XV, noko som kanskje forvirra dei som tydde til mobilen for å søka seg fram til riktig svar :)

 

16. Kva for ein månad er årets lengste?

1) Mars (26 %)                                       X) Juli (21 %)                                         2) Oktober (53 %)

Oktober får ein ekstra time, sidan klokka vert flytta bakover i forbindelse med overgang frå sommartid til normaltid

 

17. Kva er det opphavlege heimlandet til Per Sandberg sin kjærast Bahareh Letnes?

1) Iran (95 %)                                       X) Sverige (2 %)                                              2) Tunisia (3 %)

 

18. Kva heiter dette monumentet?

 

1) Troikaen (2 %)                                 X) Monolitten (96 %)                             2) Trøffelen (2 %)

 

19. Ein som speler mykje data-/TV-spel vert ofte kalla for ein..

1) Player (2 %)                                     X) Gamer (95 %)                                              2) Gambler (3 %)

 

20. Kva foreslo fylket i fjor som eit alternativ om fergeavgangane til Fedje i framtida?

1) Å kutta dagens siste avgang frå Sævrøy, som no er 21.55, slik at siste avgang vert 20.30 (65 %)

X) Å endeleg innvilga “seinferga” som ein har kjempa for i mange år, siste avgang frå Sævrøy kl. 00.15 (6 %)

2) Å fjerna 10.45-avgangen frå Fedje og retur 11.20, som vart innført for knappe ti år sidan (29 %)

Strilen meldte dette i august 2018.

 

21. Kva er favorittkosedyret til Georg, broren til Peppa Gris?

1) Minotaur (9 %)                                             X) Dinosaur (87 %)                               2) Centaur (4 %)

 

22. Kven vart kasta ut av TV-programmet Skal Vi Danse i 2018?

1) Frank Løke (98 %)                X) Frithjof Wilborn (2 %)                                   2) Aune Sand (0 %)

 

23. Kven er høgast på strømpelesten av desse tre?

1) Thorbjørn Jagland (21 %)                  X) Jonas Gahr Støre (30 %)                  2) Trond Giske (49 %)

Giske er 193 cm høg, om lag eit halvt hovud høgare enn dei to andre

 

24. Kva for eit namn var det berre fire gutebabyar som fekk i Noreg i 2017?

1) Thorbjørn/Torbjørn (26 %)                 X) Jonas (9 %)                                     2) Trond (65 %)

Kjelde: SSB

 

25. Kvifor er det mange på Fedje som heiter Stokholm til etternamn?

1) Namnet er frå Sverige, frå ein som kom derfrå og busette seg på Fedje på 1800-talet, og som er ein av stamfedrene til dagens Stokholm-slekt på Fedje (5 %)

X) Namnet kjem frå Stokholmen som ligg i Austrheim kommune, kor ein av stamfedrene til dagens Stokholm-slekt på Fedje kom frå (41 %)

2) Namnet kjem frå Skotholmen på Fedje, ein feil for over 100 år sidan gjorde at det offisielle slektsnamnet vart Stokholm i staden for Skotholm (54 %)

Presten skreiv av ein eller annan grunn Stokholm i staden for Skotholm i kyrkjeboka i ei tid det munnlege betydde meir enn det skriftlege, og Stokholm har blitt verande det offisielle slektsnamnet for dei som har opphav frå Skotholmen på Fedje.

 

26Tiebreaker, tippespørsmål som blir avgjerande om det skulle bli delt førsteplass:

 Kva er det største talet på mål eit Fedje-lag har scora i løpet av ein sesong (kun offisielle seriekampar)?

Vink: Den største sigeren var 36-0 og den på laget som scora 4. mest scora totalt 36 mål.

216 mål er det korrekte, som lillegutt 82-laget stod for på 16 kampar i 1994. Dei sleppte for øvrig inn 25 mål den sesongen.