HeimNyheterPepperkakeby

Pepperkakeby

Fedje sin eigen pepperkakeby
Publisert: 30.10.2019
Sist endra: 30.10.2019

Kven byggjer det finaste pepperkakehuset?

Sjukeheimen ynskjer å lage ein eigen pepperkakeby og då må vi ha hjelp. Samtidig vil vi lage ein liten konkurranse om kven som byggjer/lager det finaste huset.

Vi vil invitere alle Fedjingar til å lage eit pepperkakehus og levere det innan 1.desember til sjukeheimen. Utstillinga av pepperkakebyen kan beundrast i gongen på sjukeheimen frå 2.desember. Alle er hjarteleg velkomen !

Kåringa av det finaste pepperkakehuset, vil foregå under årets julebord 13.desember. Alle som kjem innom og dei som deltek på sjukheimen sitt julebord vil verte juryen. Vinnaren av konkurransen får eit gåvekort frå Bergen kino for eit born og ein vaksen.

Ved spørsmål ta kontakt med Nadine på  tlf. 46846011.

LUKKE TIL!