HjemAktueltNyheiterOppsummering frå møte med fylkesordførar om ferjesituasjonen

Oppsummering frå møte med fylkesordførar om ferjesituasjonen

I dag var Hilde Koppen som leiar Fedje maritime næringsråd, Kjell Samnøy som styremedlem og eg på møte med fylkeskommunen. Frå fylket møtte fylkesordførar Jon Askeland, Rune Haugsdal som er fylkesrådmann samt Karl Inge Nygård som er leiar for kontraktavdelinga i Skyss.

Tema var sjølvsagt ferjesituasjonen me har hatt her ute frå 1 januar. Me la fram vår frustrasjon over manglande/dårleg tilbod, konsekvensar av dette og ikkje eksisterande informasjon frå Skyss.

Fylkesrådmannen var tydeleg på at erstatningsferja skulle være ein reell erstatning, altså ei ferje som kan dekke våre behov. Dette vil dei ta vidare med operatørselskapet. Skyss var tydeleg på at dei i ettertida skal informera betre, både på egne sider, men og gje informasjon til kommunen som me kan gå vidare til innbyggjarar og næringsliv med.

Fylkeskommunen var klar på at dette ikkje var ein haldbar situasjon for Fedjesamfunnet og at dette skulle dei løysa. Me vart godt mottekne av fylkeskommunen, dei var lydhøre og oppriktige i at dette skulle dei prøva å betra.

Svara me fekk var så gode som me kunne håpa på og for det vil eg takka Jon Askeland, Rune Haugsdal og Karl Inge Nygård.

 

Stian Herøy

Ordførar Fedje


Sist oppdatert: 16.01.2020
Publisert: 16.01.2020