HeimNyheterLanserer DigiHelse i heimetenesta

Lanserer DigiHelse i heimetenesta

2. mai vert DigiHelse lansert for brukarar av heimetenesta i kommunen og deira pårørande.
Publisert: 12.06.2019
Sist endra: 12.06.2019

DigiHelse er ein kommunikasjonsplattform på Helsenorge.no, kor brukarane logger seg inn for å sjå avtaler i kalender (t.d. kor tid heimetenesta kjem) og eventuelt avlyse avtaler.
Der er og ein meldingsfunksjon, kor brukaren kan gå inn og sende beskjeder og spørsmål til heimetenesta. Når ein får svar frå sin kontaktperson, får ein eit varsel på SMS eller e-post om å logge inn på Helsenorge for å lese svaret.

For å ta dette i bruk må ein: Vere tenestemottakar av heimetenesta, ha BankID for sikker innlogging - og tilgang til PC, smarttelefon eller nettbrett med nettilgang.


Brukaren kan gi pårørande fullmakt for at også dei kan kommunisere digitalt med helsetenesta på vegne av seg. Det betyr at pårørande kan vere aktivt i dialog med helsetenesta uansett kor dei befinn seg i landet.

Dette blir eit tilbod til dei som føretrekker digital kommunikasjon, men ein kan fortsette å kommunisere på andre måtar som tidlegare viss ein ønskjer det.


Her kan du lesa brosjyra frå Helsenorge.