HjemAktueltNyheiterNy rektor på Fedje skule!

Ny rektor på Fedje skule!

Arvtakar Mona Vabø (til venstre) vert ønskja velkomen av noverande rektor Linda Husa.
Den nye rektoren Mona er ei systematisk veverske og ein hundeven, som brenn for skulen i samfunnet!
Publisert: 26.04.2019
Sist endra: 12.01.2022

Navn: Mona Vabø

Aktuell: Ny rektor på Fedje skule frå hausten 2019.

Bakgrunn: Vore lærar på Fedje skule i eit år, ellers jobba som lærar i 20 år. Har jobba mange år som kontaktlærar og spesiallærar.

Familie: Bur med to King Charles Cavallier Spaniels og har ein son som vert student til hausten. Sivilstatus singel. (Er ikkje på utkikk, "men hadde vore kjekt om nokon dukka opp".)

Trivast du på Fedje: Ja! Eg stortrivast! Folk her er so opne og imøtekommande. Eg pratar mykje meir med folk her enn då eg budde i Alversund. På fritida går eg i nordsjøløypene, er med på hundetreff og har vore på spinning og i bassenget!

Gratulerer som ny rektor! Gler du deg: Ja! Eg har jo aldri vore rektor før, men er optimistisk. Kollegiumet her på Fedje skule er heilt fantastisk, dei er hjelpsomme og framoverlent, så eg trur dette skal gå bra! Dette er ein bra skule å ta over!

Fortel om kvifor du søkte: Her på Fedje kan ein vere rektor utan å miste elevkontakten. Det er viktig for meg. Eg har vore lærar i 20 år og følte meg trygg på at eg hadde nok erfaring. Så då mota eg meg opp og søkte! 

Kva vert viktig for deg som rektor? Det vert nok fokus på å implementere nye læringsplaner som kjem til hausten. Ellers brenn eg for skulen sin plass i samfunnet. Her på Fedje har skulen sin plass i samfunnet, til dømes med valfag som hjelper til på sjukeheimen, elevbedrift som sel pizza, internasjonal matkveld. Det vil eg ta vare på, det er unikt.

Beskriv deg sjølv med tre ord: Systematisk! Hm...vanskeleg spørsmål. Omsorgsfull. Engasjert!

Har du nokon skjulte talent? Hehe! Eg er glad i å veve! Eg har ein vev som eg vonar eg skal få opp å gå når eg flyttar til større hus på Fedje! Også kan eg nederlandsk!

Forbetringspotensiale: Eg er ikkje flink å laga meg skikkeleg middag, no når det berre er meg og hundane. Det skal eg bli betre på til hausten! Til hausten er sonen min flytta på studenthybel og vil nok ikkje ha besøk kver helg av meg. Då kjem eg til å vere her meir i helgane, det ser eg fram til. Då vert det nok kanskje ein dans? Det har eg ikkje vore på enno!

Lukke til Mona!