HjemAktueltNyheiterNy dato for infleunsavaksinering

Ny dato for infleunsavaksinering

Nye datoar for influensavaksinering er 3. november klokka 13:00-16:00 og 4. november klokka 09:00-12:00.

 

Stad: Fedje Helsestasjon

Pris: 200,-/vaksine (vaksina er gratis for helsepersonell). Betaling via Vipps, evt kontant.

 

Fedje kommune tilbyr influensavaksinering til alle innbyggjerar som er 65 år eller eldre, samt til dei under 65 år med risiko for eit meir alvorleg sjukdomsforløp ved evt smitte av influensa (dette gjeld gravide etter 12. svangerskapsveke, prematurt fødde barn, samt barn og vaksne med kronisk sjukdom som diabetes, kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, lever- og nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar og svært alvorleg fedme/KMI > 40).

Fedje Kommune tilbyr også influensavaksinering til helsepersonell med pasientkontakt tilsett i kommunen.

Ta kontakt med Fedje Legekontor (56 16 40 31) for å avtale anna tidspunkt for vaksinering dersom du ikkje har høve til å møte ein av desse dagane. Ta også kontakt med Fedje Legekontor dersom du har spørsmål knytta til vaksina og/eller lurer på om du bør vaksinere deg. 


Sist oppdatert: 25.10.2022
Publisert: 25.10.2022