HjemAktueltNyheiterNo opnar sjukeheimen for besøk att

No opnar sjukeheimen for besøk att

Besøkstida vil verte man-ons-fre-lør kl.15-18, der kvart besøk varar i maks ein halv time. Ekstraordning i pinsehelga – fre-lør-søn-man kl.15-18. Ring til sjukeheimen på tlf 56165140 for å avtale time eller for meir informasjon.

For å sikre at me ikkj får smitte inn på sjukeheimen, har me i samråd med smittevernlege laga følgjande rutinar:

  • Personar med teikn på luftvegsinfeksjonar, er koronasjuk eller er i karantene kan ikkje kome inn på sjukeheimen.
  • Avklar fysisk besøk med sjukeheimen på forhånd – ring til oss og høyr når det er mogleg å komme.
  • Det er berre mogleg å ha ein person på besøk om gangen. Dette gjeld både talet besøkande på huset og rommet. Det vil seie at dersom ein bebuar har besøk, er det diverre ikkje mogleg for ein annan bebuar å få besøk.
  • Besøk er berre mogleg på pasientrom eller på terrassen. De kan ikkje bruke fellesarealet.
  • Det vil bli gitt både skriftleg og munnleg rettleiing om smittevernreglane rundt besøket.
  • Du vert vist direkte til rommet etter rettleiing og utført handhygiene.
  • Handhygiene, i form av enten handdesinfeksjon eller handvask skal verte utført før du kjem inn på sjukeheimen og når  du går ut frå sjukeheimen.
  • Hald avstand på minst 1 meter til alle andre enn den du besøker.
  • Prøv å halde minst 1 meter avstand til den du besøker. Dersom det ikkje er mogleg av ulike årsaker, må du ha på deg smittevernutstyr under besøket.
  • Me loggfører besøket ditt med namn, telefonnummer og tidsrom for besøket, i tilfelle det vert naudsynt med smittesporing seinare.
  • Etter besøket vert alle overflater reingjort.
  • Dersom du er smitta og har vore på sjukeheimen innan dei siste 48 timar, ta kontakt med kommuneoverlege Ernst Horgen eller pleie- og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse.
  • Det er berre hyggeleg om du har med gåver, blomer eller liknande.

Velkomen!


Sist oppdatert: 29.05.2020
Publisert: 29.05.2020