HjemAktueltNyheiterNo får du digitalt valkort

No får du digitalt valkort

Ei stadfesting på stemmeretten, men ikkje nødvendig for å kunne stemme

- Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har stemmerett ved årets stortingsval, seier direktør for Valdirektoratet Bjørn Berg.

I tillegg vil du finne nyttig informasjon om valet på valkortet. I år vert valkortet også sendt ut digitalt. Digitale valkort kan brukast direkte på mobiltelefonen, og treng ikkje skrivast ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal stemme, men det gjer sjølve stemmegjevinga raskare og enklare.

- Det einaste du MÅ ha med deg er legitimasjon med fullt namn, bilde og fødselsdato. Har du dette, så får du stemt, fastslår direktøren.

Berg legg til at det er nokon som lurer på om det går an å stemme på nett med digitale valkort, men det kan du ikkje. Det er ikkje gjort endringar i korleis valet vert gjennomført, og velgjarane må møte opp i eit val-lokale og stemme med papirstemmesetlar som tidlegare. Du kan stemme i heile landet fram til 10.september. På valdagen kan du stemme i kommunen der du er folkeregistrert.

Vert sendt til di digitale postkasse og varslar deg med SMS

Alle som får valkort digitalt vert varsla med SMS. Dei som nyttar Digipost eller E-boks, finn valkortet sitt der. Dei som ikkje har digital postkasse får tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn. 

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får fortsatt valkortet tilsendt på papir. 

Totalt skal det sendast ut over 3,5 millionar digitale valkort, og om lag 300 000 valkort på pair.

Les meir om digitale valkort på valg.no 


Sist oppdatert: 05.08.2021
Publisert: 05.08.2021