"Monsterbesøk" i dagsturhytta!
Dato: 13. Mai 2022
Klokkeslett: 18:00
Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?
I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter dykk Lys levende Adele i alle rollane.
Den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.
Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, omsett av Tove Bakke. Denne boka er den femte i den populære serien som forfattartrioen frå Island står bak. Dagsturhyttene med turbiblioteka, er ein ideell formidlingsarena. Ved dette høvet er det dagsturhytta i Aurihopen som blir scena for framsyninga.
Velkommen!