HjemAktueltNyheiterVil fjerne mink i heile Fedje kommune

Vil fjerne mink i heile Fedje kommune

Statens Naturoppsyn og Fylkesmannen i Vestland samarbeider om å fjerne mink i Fedje kommune. Arbeidet startar opp i februar i 2019. Målet er å ta ut mest mogleg mink før minken ynglar.
Publisert: 29.01.2019
Sist endra: 08.01.2020

Mink er ein framand og uønska art i Noreg som har si naturlege utbreiing i Nord-Amerika. På sommaren er store deler av dietten til mink fugleegg og fugleungar, og ein mink med ungar kan ete hundrevis av egg og ungar i løpet av ein sesong. Mink er derfor ein stor trussel mot fuglelivet.

Den truar ikkje berre fugl, den påverkar og andre dyr, som amfibiar, reptilar, fisk, smådyr, oter (raudlista art), og rovfugl som havørn og hubro (raudlista art).

Minken svømmer lett over store avstandar, men det er mogleg å fjerne all mink frå øyer og øygrupper der det er langt til fastland, som her på Fedje. Dette gjerast med bruk av opptrente hundar som effektivt finn minken, som så blir skoten. I tillegg blir det og sett ut minkfeller.

Uttaket blir gjennomført av Statens Naturoppsyn.

Vi ønskjer at dette skal kunne gjennomførast på heile Fedje, både på hovudøya og på øyer og holmar rundt Fedje. Dette vil innebere bruk av hund og våpen i på privat grunn. Vi har diverre ikkje høve til å kontakte kvar enkelt grunneigar om dette, men om du har innvendingar, eller om du vil vite meir om dette så kan du kontakte SNO v. Anders Voss Thingnes (tlf 91872845) eller Fylkesmannen i Vestland v. Solveig Kalvø Roald (tlf 55 57 23 27).