HeimNyheterMinisvøm vår 2019

Minisvøm vår 2019

Du er ein minisymjar om du er medlem av Fedje idrettslag og er mellom 1 år til 1. klasse.
Publisert: 28.01.2019
Sist endra: 28.01.2019

Det varer frå kl. 17 til kl. 18. Dersom du ynskjer å vere lenger i bassenget, må du ta med din eigen nøkkel.

Organisert aktivitet vil vere ca 20 min.

Vi øver på: å verte van med vatnet, flyte, ha hovudet under vatn og andre leikprega aktiviteter. Resten av tida er det frileik.

Alle born som deltek, må ha minst ein vaksen med seg ut i vatnet. Dette av di mange aktivitetar ikkje lar seg gjennomføre utan nok vaksne.

Tidspunkt denne våren:

NB! TYSDAGAR

5.feb

19.feb

5.mars

19.mars

2.april

23.april

7.mai

21.mai

Med atterhald om endringar.

Silje og Stine