HeimNyheterMellombels mottak

Mellombels mottak

Tid for å rydda!
Haust 2019 vert det mottak i Kalvedalen fredag 30. august kl 13.00-19.00 og laurdag 31. august kl 09.00-15.00.
Publisert: 20.08.2019
Sist endra: 20.08.2019

Ordninga er for private hushald og hytter, ikkje næringskundar.

Dette kan du levera på mellombels avfallsmottak

  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall.
  • Eternitt/asbest: skal leverast på pall, innpakka i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm).
  • Farleg avfall
  • Isolerglas kan leverast enkeltvis eller spikra ståande på pall.
  • Metall
  • Restavfall som er for stort til bossdunken, til dømes stoffmøblar og madrassar.
  • Trevyrke, også trykkimpregnert, inntil 1 m3.

For spørsmål om pakking og emballering, ring 488 96 148.

Dette kan du ikkje levera på eit mellombels avfallsmottak

  • Bildekk
  • Fyrverkeri og pyroteknisk utstyr, sprengstoff og ammunisjon – kontakt politiet.
  • Hageavfall
  • Matavfall/slakteavfall
  • Medisin (leverast apotek)
  • Ting til gjenbruk (henteordning/eigne returpunkt)
    • Glas- og metallemballasje
    • Papp/papir og plast
    • Tekstilar til Fretex og UFF