HeimNyheterKunngjering av ny renovasjonsforskrift for Fedje kommune

Kunngjering av ny renovasjonsforskrift for Fedje kommune

FORSKRIFT OM INNSAMLING OG HANDSAMING AV HUSHALDSAVFALL

Gjeldande frå 16.12.2021

Denne forskrifta er gjeve med heimel i LOV-1981-03-13-6 Lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) §§ 30, 31, 33, 34, 37, 48, 49, 50, 79, 83 og 85. Forskrifta er vedteke av kommunestyra i (vedtaksdato i parentes):

Alver kommune               (16.12.2021)

Austrheim kommune     (20.05.2021)

Fedje kommune              (28.10.2021)

Gulen kommune              (09.12.2021)

Masfjorden kommune (02.12.2021)

Modalen kommune        (09.12.2021)

Solund kommune            (10.06.2021)

 

INNHALD

 Kapittel 1            Innleiande bestemmingar

 § 1          Føremål og verkeområde

 § 2          Avgrensingar – næringsavfall

 § 3          Delegasjon

 § 4          Definisjonar

 Kapittel 2            Kommunen sitt ansvar og kommunen sine pliktar

§ 5          Tvungen renovasjon

§ 6          NGIR sine pliktar og ansvar for renovasjonen

Kapittel 3            Abonnenten og kunden sine pliktar

§ 7          Generelle pliktar

§ 8          Bruk og ansvar for oppsamlingseiningar

 

Kapittel 4            Tekniske bestemmingar

§ 9          Alternative oppsamlingsordningar

§ 10       Krav til veg og hentestad

§ 11       Avfallsmottak

 § 12       Planarbeid

 

Kapittel 5            Gebyr og betaling

§ 13       Renovasjonsgebyr

§ 14       Fastsetjing av renovasjonsgebyr og kven som skal betala

§ 15       Innkrevjing

 

Kapittel 6            Administrative bestemmingar

§ 16       Dispensasjon

§ 17       Kontroll

§ 18       Pålegg og sanksjonar

§ 19       Klagetilgang

§ 20       Ikraftsetjing

 

 

KAPITTEL 1         INNLEIANDE BESTEMMINGAR

 

§ 1          Føremål og verkeområde

Forskrifta gjeld oppsamling, innsamling, transport og handsaming av hushaldsavfall i kommunane som er deltakarar i Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR).

Forskrifta sitt føremål er å sikra at oppsamling, innsamling, transport og handsaming av hushaldsavfall vert gjort på miljømessig, helsemessig og økonomisk forsvarleg vis.

Forskrifta skal hjelpa til å gjennomføra og overhalda dei pliktar som kommunane er pålagt i lov, irekna innkrevjing av renovasjonsgebyr.

Forskrifta gjeld for det ansvarsområdet der kommunane er tildelt forureiningsmynde etter forureiningslova med tanke på hushaldsavfall.

 

§ 2          Avgrensingar – næringsavfall

Forskrifta gjeld ikkje for næringsavfall. Den som har næringsavfall, har sjølv ansvaret for at avfallet vert levert til godkjend mottak.

 

§ 3          Delegering

Kommunane som er deltakarar i NGIR er forureiningsmynde for det ansvarsområdet som forskrifta gjeld for.

Kommunane som er deltakarar i NGIR kan delegere mynde til NGIR til å gjennomføra forskrifta sin bestemmingar og føremål, kor slikt mynde ikkje fylgjer av forskrifta. Kommunane kan også delegere mynde til NGIR til å treffa enkeltvedtak, jf. Forureiningslova § 83.

 

§ 4          Definisjonar

Abonnent: Eigar, festar eller heimelshavar til bueining som vert omfatta av renovasjonsordninga.

Avfall: Kasserte lausøyregjenstandar eller stoff, jf. forureiningslova § 27.

Avfallsmottak: Gjenvinningsstasjon/-anlegg, eller anna godkjend mottak for avfall, både betente og ubetente.

Bueining: Permanent oppsett byggverk som gjev rom for kvile og matstell, eller som har hatt funksjon som bueining i minst tre månadar, irekna burettslagsleilegheit, hybel, hytte, fritidseigedom, varig oppsett campingvogn eller liknande innretning, til dømes bubil, brakke, telt, husbåt mv.

Bustad: Ein kvar bueining som er bygd, ombygd, godkjend eller for øvrig vert nytta som privat heilårsbustad. Ein bustad kan innehalda fleire bueiningar.

Farleg avfall: Avfall som ikkje føremålstenleg kan handsamast saman med anna hushaldsavfall eller næringsavfall fordi det kan føra til alvorleg forureining eller fare for skade på menneske, dyr eller miljø.

Fellesbehaldar: Ein oppsamlingseining som vert stilt til rådvelde for meir enn ein abonnent eller kunde.

Fraksjon: Einsarta del av avfallet, til dømes glas, papir, papp, våtorganisk avfall mv.

Fritidsbustad Ein kvar bueining som ikkje er bygd, ombygd, godkjend eller kan nyttast som heilårsbustad. En fritidseigedom kan innehalda fleire bueiningar.

Gjenvinningsstasjon: Stad som er tilrettelagd for mottak av visse delar av hushaldsavfallet, som på grunn av storleik, type eller mengd ikkje kan eller skal leverast i oppsamlingseining.

Hentestad: Stad der oppsamlingseiningar vert plassert for tømming og/eller henting på tømmedag.

Heimekompostering: Ei ordning der abonnenten inngår ein skriftleg avtale med NGIR om at abonnenten sjølv vil gjenvinna ein nærare spesifisert del av hushaldsavfallet.

Hushaldsavfall: Alt avfall frå bueiningar, irekna større gjenstandar som inventar og liknande.

Hytte: sjå «Fritidsbustad»

Innsamling: Arbeidet renovatøren utfører med å henta avfallet på hentestaden.

Kjeldesortering: Å skilja avfallet i ulike fraksjoner etterkvart som avfallet oppstår.

Køyreveg: Ein veg der renovasjonsbilen kan ta seg fram på ein lovleg og forsvarleg vis.

Kunde: Ein kvar som leverer eller etterlet hushaldsavfall til avfallsmottak eller oppsamlingseining. Kunden kan vera leigetakar hjå abonnent eller på annan vis disponera oppsamlingseining på vegne av abonnent.

NGIR: Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS

Næringsavfall: Avfall frå offentleg eller privat verksemd, irekna mellom anna organisasjonar, foreiningar, landbrukseigedom og institusjonar. Burettslag og verksemder som eig bueiningar og driv utleige av bueining(ar) vert omfatta av denne forskrifta.

Oppsamlingseining: Alle behaldarar, sekker, konteinarar mv. som vert stilt til rådvelde for, og som er særskilt meint for bestemte abonnentar og kundar for oppsamling av avfall før innsamling og henting.

Oppstillingsplass: Plassen der oppsamlingseininga er plassert til dagleg, utanom tømmedag.

Privat åtkomstveg: Køyreveg som ikkje er offentleg veggrunn.

Renovatør: Personell i NGIR, eller person/verksemd som samlar inn og transporterar hushaldsavfallet på oppdrag for NGIR.

Restavfall: Det avfallet som ikkje kan gjenvinnast.

 Transportveg: Grunnen der renovatøren manuelt skal transportera oppsamlingseining frå hentestad til renovatøren sitt køyretøy.

Tømmedag: Den vekedagen hushaldsavfallet vert samla inn frå oppsamlingseiningane

 

KAPITTEL 2         KOMMUNEN SITT ANSVAR OG KOMMUNEN SINE PLIKTAR

§ 5          Tvungen renovasjon

Alle bueiningar som fell inn under forskrifta sitt verkeområde vert omfatta av renovasjonsordninga og er forplikta etter forskrifta.

Kommunane som er deltakarar i NGIR gjev gjennom forskrifta NGIR einerett på innsamling og handsaming av hushaldsavfall innanfor forskrifta sitt verkeområde. NGIR kan tildela heile eller delar av eineretten til eventuelle dotterselskap.

Utan samtykke frå NGIR kan ingen andre samla inn eller handsama hushaldsavfall.

NGIR avgjer innanfor forureiningsregelverket kva som skal reknast som hushaldsavfall, og kan fastsetja nærare retningsliner for kva som vert rekna som hushaldsavfall.

 

§ 6          NGIR sine pliktar og ansvar for renovasjonen

NGIR skal syta for at det vert stilt til rådvelde  dei oppsamlingseiningar som NGIR til ei kvar tid finn naudsynt for å sikra forsvarleg oppsamling, innsamling, transport og handsaming av hushaldsavfall.

Hushaldsavfallet skal samlast inn med dei intervall som NGIR bestemmer. Intervalla kan fråvikast ved bevegelege heilagdagar, streik, force majeure og der ekstraordinære omstende tilseier det.

NGIR skal kunngjera og gje informasjon om henteintervall og endringar i desse. NGIR pliktar å informera abonnentar om endringar i renovasjonsordninga.

Renovatøren har rett til å utsetja innsamling av hushaldsavfall viss dette ikkje kan gjerast forsvarleg. Viss renovatøren utsett innsamlinga som følgje av at det ikkje er forsvarleg, skal NGIR avhjelpa situasjonen innan rimeleg tid.

NGIR kan påleggja fleire bueiningar å nytta fellesbehaldarar. NGIR bestemmer kva type behaldarar og plasseringa av fellesbehaldarane.

Fleire bueiningar kan i fellesskap søkja NGIR om å nytta fellesbehaldarar.

NGIR kan gje rettleiing og retningsliner, eller inngå avtalar for nærare å angje bruk og ansvarsforhold vedrørande oppsamlingseiningar.

NGIR skal gje informasjon om plikt til og moglegheit for kjeldesortering og heimekompostering, og om bruk av dei ulike avfallsløysingane.

NGIR kan utarbeida og endra rettleiarar og retningsliner med presisering og nærare utgreiing for forskrifta sine bestemmingar.

NGIR kan innanfor rammene av forureiningsregelverket endra renovasjonsordninga.

 

KAPITTEL 3         ABONNENTEN OG KUNDEN SINE PLIKTAR

§ 7          Generelle pliktar

Abonnent/kunde pliktar å bruka NGIR si renovasjonsordning for oppsamling, innsamling, transport og handsaming av hushaldsavfall.

Abonnent er ansvarleg for at forskrifta, irekna rettleiarar og retningsliner gjeve med heimel i forskrifta, vert fylgt, og er økonomisk ansvarleg overfor NGIR og kommunane.

Abonnent/kunde pliktar skriftleg å melda endringar og andre forhold som har noko å seia for abonnent- eller kundeforholdet. Abonnent/kunde pliktar å opplysa om talet bueiningar som er, eller skal vera, knytt til renovasjonsordninga.

Abonnent/kunde pliktar å sortera avfallet slik NGIR til ei kvar tid bestemmer, og i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande renovasjonsordning.

Abonnent/kunde pliktar å levera avfall som ikkje skal eller kan leggjast i oppsamlingseining til godkjent avfallsmottak.

 

§ 8          Bruk av og ansvar for oppsamlingseiningar

 

Det skal berre nyttast oppsamlingseiningar som er utlevert/utplassert av NGIR. Oppsamlingseiningane er registrert på bueining og skal ikkje flyttast ved eigarskifte, endring i festeforhold o.l.

Abonnent/kunde er ansvarleg for at plassering og bruk av oppsamlingseining skjer i samsvar med forskrifta, irekna rettleiar og retningsliner gjeve med heimel i forskrifta.

Abonnent/kunde er ansvarleg for at oppsamlingseining er sett fram til hentestad på tømmedag til rett tid, , for å ha rett til innsamling. Abonnent/ kunde må innretta seg etter endring av hentestad.

Oppsamlingseining skal utanom tømmedag vera plassert på oppstillingsplass. Oppsamlingseining skal setjast tilbake på oppstillingsplass same dag som tømming finn stad. Oppsamlingseining skal ikkje vera plassert på fortau eller offentleg veggrunn utanom tømmedag.

Abonnent/kunde er ansvarleg for at oppsamlingseining vert plassert på hentestad i samsvar med føringar frå NGIR.

Abonnent/kunde pliktar å syta for at oppsamlingseining ikkje fører til skade eller sjenanse for sine omgjevnader.

Abonnent er økonomisk ansvarleg for oppsamlingseining som forsvinn eller vert øydelagd utover normal slitasje, og tap som følgje av aktlaus bruk.

Abonnent pliktar å melda frå til NGIR viss oppsamlingseining vert skada, vert øydelagd, forsvinn, eller det av anna årsak  er trong for vedlikehald/utskifting.

Oppsamlingseining skal berre nyttast til den typen avfall oppsamlingseininga er meint for, og loket skal kunne lukkast heilt igjen til ei kvar tid.

Fellesbehaldarar for fritidseigedommar skal ikkje nyttast av fastbuande. NGIR kan bestemma at fritidseigedommar skal nytta ein eller fleire bestemte fellesbehaldarar.

 

KAPITTEL 4         TEKNISKE BESTEMMINGAR MV.

§ 9          Alternative oppsamlingsordningar

Der forholda ligg til rette for det og NGIR finn det føremålstenleg, kan det etablerast alternative oppsamlingsordningar for hushaldsavfall. Dette omfattar mellom anna nedgravne løysningar for oppsamling.

NGIR kan både tillata og påleggja etablering av eller tilkopling til nedgravne oppsamlingseiningar og andre alternative oppsamlingsordningar. Slike løysningar kan berre etablerast og nyttast i samarbeid med og etter samtykke frå NGIR. NGIR kan ikkje pålegga etablering av alternative oppsamlingsordningar viss dette vert urimeleg tyngjande for abonnent/kunde.

Viss ei alternativ oppsamlingsordning er eigd av abonnent/kunde, pliktar abonnent/kunde å syta for naudsynt oppgradering og vedlikehald. Den alternative oppsamlingsordninga må vera tilpassa NGIR si renovasjonsordning, og NGIR kan påleggja utskifting av alternative oppsamlingsordningar, med mindre dette vert ei urimeleg byrde for abonnent/kunde.

Alternative oppsamlingsordningar i privat eige skal driftast og nyttast slik at NGIR si innsamling av hushaldsavfall kan gjennomførast utan at det oppstår unødige driftsmessige hindringar eller stans.

Forskrifta §§ 7, 8 og 10 gjeld så langt dei passar for alternative oppsamlingsordningar.

NGIR kan gje nærare retningsliner og vilkår for alternative oppsamlingsordningar.

§ 10       Krav til veg og hentestad

Hentestaden skal som hovudregel vera ved køyreveg. NGIR har rett til å fastsetja hentestaden og kan krevja endring av hentestaden dersom NGIR finn dette naudsynt. NGIR kan akseptere hentestad som ikkje ligg ved køyreveg etter nærare vurdering i det enkelte tilfellet.

Ved bruk av private åtkomstvegar kan NGIR krevja at det vert inngått skriftleg avtale om rett til å nytta den private vegen for innsamling av hushaldsavfall. Avtalen vert inngått mellom NGIR og vegeigar(ar).

Private åtkomstvegar skal ha ein standard som inneber at renovatør på forsvarleg og føremålsteneleg vis kan komma fram til hentestaden med dei køyretøy som renovatøren nyttar.

Privat åtkomstveg/hentestad skal gje moglegheit for å snu med større køyretøy på forsvarleg og rasjonelt vis, og for øvrig sikra ei forsvarleg og hensiktsmessig innsamling.

Viss det ikkje vert inngått avtale om rett til å nytta privat veg, kan NGIR påleggja abonnent/kunde å nytta hentestad som ikkje forutset at NGIR har åtkomst på privat veg. Hentestaden skal kunne betenast med dei køyretøy som renovatøren nyttar.

NGIR kan gje nærare retningsliner for krav til privat åtkomstveg, hentestad og transportveg frå hentestad til renovatøren sitt køyretøy.


§ 11       Avfallsmottak

NGIR kan bestemma at abonnent/kunde pliktar å kjeldesortera avfall og levera fraksjoner til relevante gjenvinningsstasjonar og avfallsmottak. Omfang, henterutinar, leveringsmåte mv. vert fastsett av NGIR og kunngjort på formålstenleg vis.

Hushaldsavfall som på grunn av mengde, storleik eller form ikkje kan eller skal plasserast i oppsamlingseining, skal leverast til godkjend avfallsmottak. Abonnent/kunde er ansvarleg for kostnad med slik levering.

Farleg avfall skal leverast til avfallsmottak godkjend for slikt avfall, eller i samsvar med andre mottaksordningar som NGIR bestemmer og tilviser.

 

§ 12       Planarbeid

NGIR skal ha høve til å gje uttale til planforslag etter plan- og bygningslovgjevinga i samband med offentleg handsaming og før endeleg offentleg vedtak vert treft.

NGIR kan gje nærare retningsliner om kva opplysningar planen sin forslagsstillar skal gje til NGIR, slik at NGIR kan gje uttale om relevante forhold knytt til renovasjon.

 

KAPITTEL 5         GEBYR OG BETALING

§ 13       Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret vert fastsett årleg av kommunen i eige gebyrvedtak etter innstilling frå representantskapet i NGIR. Renovasjonsgebyret skal dekkja alle NGIR sine kostnadar i samband med oppsamling, innsamling, transport og handsaming av hushaldsavfall.

Gebyrsatsane kan differensierast for å fremja avfallsreduksjon, kjeldesortering og gjenvinning. Differensiering kan skje på bakgrunn av avfallsmengd, avfallstypar, materialgjenvinning mv.

 

§ 14       Kven som skal betala renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret skal betalast av abonnenten. Viss ein grunneigedom vert bortfesta for meir enn 30 år, er festaren ansvarleg for betaling av renovasjonsgebyret, med mindre anna er særskilt avtala med NGIR i det enkelte tilfellet. Det same gjeld viss festeavtalen vert forlenga slik at samla festetid går utover 30 år.

Nye abonnentar pliktar å betala renovasjonsgebyr frå den 1. i månaden etter at bueininga vart omfatta av forskrifta. For nye abonnentar som vert omfatta av forskrifta etter vedtak med heimel i plan- og bygningslova, gjeld gebyrplikta den 1. i månaden etter vedtak om mellombels bruksløyve eller ferdigattest, eller anna relevant vedtak, vart treft av kommunen.

Ved endringar i abonnement, til dømes ved eigarskifte, fråflytting, rivning, brann mv., gjeld eventuelt nytt renovasjonsgebyr frå den 1. i månaden etter at NGIR fekk melding om endring, eller NGIR har treft vedtak om endring i abonnement, med mindre anna går fram av vedtaket frå NGIR.

Viss abonnent/kunde har gjeve uriktige eller mangelfulle opplysningar til NGIR som har ført til at abonnent/kunde har betalt for lite gebyr, kan NGIR krevja etterbetaling av gebyr frå og med det tidspunkt NGIR med rimelegheit kan etablera at abonnent/kunde skulle ha betalt høgare gebyr.

Eventuelt gebyr for levering av avfall ved avfallsmottak vert fastsett i samsvar med § 13, og vert offentleggjort på formålstenleg vis.

 

§ 15       Innkrevjing

NGIR krev inn renovasjonsgebyr for oppsamling, innsamling, transport og handsaming av hushaldsavfall, med mindre den enkelte kommune har vedteke anna.

Renovasjonsgebyret er sikra med legalpant etter Lov om pant § 6-1. Lov om eigedomsskatt § 25, 3. ledd, §§ 26 og 27 gjeld tilsvarande for oppgjer og innkreving av renovasjonsgebyret.

 

KAPITTEL 6         ADMINISTRATIVE BESTEMMINGAR

 § 16       Dispensasjon

NGIR kan etter skriftleg søknad gje dispensasjon frå forskrifta, irekna renovasjonsordninga og plikta til å betala renovasjonsgebyr, gjeve at krava i forureiningslova §§ 7 og 28 er oppfylte. Det kan gjevast vilkår for dispensasjonen.

NGIR kan gje nærare retningsliner for å gje dispensasjon.

Abonnenten pliktar å informera NGIR viss grunnlaget for dispensasjon vert endra.

 

§ 17       Kontroll

NGIR kan foreta kontroll og gransking for sikra korrekt oppfølging og gjennomføring av § 16, og elles for å sikra korrekt betaling av renovasjonsgebyr.

Framgangsmåten ved kontroll skal følgje forvaltningslova § 15, med mindre heimel for anna ligg føre.

NGIR kan kontrollera oppsamlingseiningar, hentestedar, avfallsmottak og gjenvinningsstasjonar, for misbruk og forsøpling.

Ved levering av avfall til avfallsmottak, kan NGIR krevja dokumentasjon på at avfallet er hushaldsavfall, og kan foreta kontroll av opplysningar og dokumentasjon i samband med dette.

 

§ 18       Pålegg og sanksjonar

NGIR kan påleggja abonnent/kunde om å auka oppsamlingsvolumet eller talet på oppsamlingseiningar, viss NGIR vurderer dette som naudsynt for å sikra at avfallet vert sortert, oppbevart eller disponert på formålstenleg vis. Abonnenten er økonomisk ansvarleg for slik auking i volum eller endring i talet på oppsamlingseiningar.

NGIR kan påleggja ekstra innsamling av avfall som ikkje er sortert i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande renovasjonsordning. Abonnenten er økonomisk ansvarleg for slik ekstra innsamling.

Forsettleg eller uaktsamt brot på forskrifta kan straffast med bøter, jf. forureiningslova § 79.

 

§ 19       Klage

Forvaltningslova sine regler gjeld for handsaming av saker etter denne forskrifta.

Enkeltvedtak treft med heimel i denne forskrifta kan klagast på, jf. forureiningslova § 85.

Enkeltvedtak treft av NGIR kan klagast på til særskild klagenemnd for NGIR, jf. forvaltningslova § 28, 2. ledd, 2. punktum. Vedtak i den særskilde klagenemnda er endelege.

 

§ 20       Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft når alle deltakerkommunene i NGIR har vedtatt forskriften.

Frå same tidspunkt vert «Forskrift for innsamling av forbruksavfall» oppheva, vedteke av dåverande deltakarkommunar i NGIR som følger (dato for vedtaket i parentes):

 

Austrheim kommune     (28.06.2000)

Fedje kommune              (05.10.2000)

Gulen kommune              (22.06.2000)

Lindås kommune             (22.06.2000)

Masfjorden kommune (07.09.2000)

Meland kommune          (14.06.2000)

Modalen kommune        (25.05.2000)

Radøy kommune             (29.06.2000)

Solund kommune            (19.06.2000)

*************

 


Sist oppdatert: 22.12.2021
Publisert: 22.12.2021