12-15-åringar får tilbod om koronavaksine.
Koronavaksinen som vert tilbudt er godkjent fra 12 år og oppover. Vaksinasjonen er eit tilbod til årskull 2006 – 2008, samt alle frå årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år.
I denne omgangen skal det vera éin dose. Born/ungdom i alderen 12-15 år har generelt svært god effekt av vaksinasjon, éin dose gjev god beskyttelse mot alvorleg sjukdom og beskyttelsen vil sannsynlegvis vera betre hjå ungdom i denne alderen enn for dei eldre aldersgruppene.
For koronavaksinasjon hjå born/ungdom under 16 år må det vera samtykke fra begge føresette ved felles foreldreansvar. For å tidleg nå ut til alle vil borna/ungdomane få utlevert samtykkeskjema og egenerklæringsskjema på skulen.
Vaksineringa vil gå føre seg på ettermiddagstid på helsestasjonen. Helsesjukepleiar vil ta kontakt med føresette for å høyre om du/dykk ynskjer vaksine til bornet/ungdomen og avtala time for vaksinering. Ta begge skjema med til vaksinasjonstimen. Vaksineringa vil i fyrste omgang skje i veke 36, 37 og 38. Føresett må gjerne vera med om bornet/ungdomen ynskjer dette.
Ta kontakt om du har spørsmål angåande vaksineringa. Telefon 56 16 51 17/40 80 27 56. Om eg ikkje tek telefonen når du ringer vil eg ringe opp igjen.
Helsing Kjersti Torstensen, helsesjukepleiar Fedje kommune.
Kort informasjon frå Folkehelseinstituttet om vaksina
Lenke til nyhetsartikkel:
https://www.fhi.no/nyheter/2021/12-15-aringer-tilbys-koronavaksinasjon/https://www.fhi.no/contentassets/3596efb4a1064c9f9c7c9e3f68ec481f/svar-pa-oppdrag-45---om-vurdering-av-koronavaksinasjon-av-barn-12-15-ar.pdf