HjemAktueltNyheiterKoronavaksine til personar som ikkje er i risikogruppa

Koronavaksine til personar som ikkje er i risikogruppa

Tidlegare i haust tilrådde Folkehelseinstituttet (FHI) oppfriskningsdose med koronavaksine til alle over 65 år, til personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp, til ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom og til gravide i 2. og 3. trimester. For dei fleste vil dette vere 4. vaksinedose, mens for enkelte med alvorleg svekka immunforsvar vil det vere 5. vaksinedose.

FHI vurderer at aldersgruppa 18-64 år utan underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp per no ikkje er inkludert som ei risikogruppe som er tilrådd ny oppfriskningsdose. Likevel er det opna opp for at dei som ynskjer det kan ta ein ny dose.

Dersom du ikkje allereie har tatt ein oppfriskningsdose med koronavaksine og ynskjer det, kan du ta kontakt med Fedje Legekontor på telefon 56 16 40 31 mellom kl 08.00 og 15.00 mandag, onsdag eller fredag.


Sist oppdatert: 29.11.2022
Publisert: 29.11.2022