HeimNyheterKoronastøtte til næringslivet

Koronastøtte til næringslivet

Kommunalt kompensasjonsfond

Føremålet med tilskotet er å setje kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning for å kompensere lokale verksemder som fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg:

  • stønad som kompenserer for kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging
  • stønad til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane
  • stønad for andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar

Kven kan søkje?

Kompensasjonsordninga skal gjelde for alle verksemder i Fedje kommune som er råka av smitteverntiltak.

Nivået på stønaden heng saman med tal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Krav til søknad:

  • Verksemda må ha forretningsmessig adresse og drift i Fedje kommune.
  • Verksemda må kunne sannsynlegjera eit inntektsbortfall som har samanheng med samfunnsendringar grunna koronasituasjonen.
  • Verksemda må ha framtidsutsikter på kort og lang sikt og må legge fram plan for når verksemda ser føre seg å komme attende til normal drift.
  • Kommunen kan når som helst be om dokumentasjon som stadfestar at vilkår for tilsegn er overhalde.
  • Verksemda må vere skattepliktig til Noreg.
  • Dersom verksemda er organisert som ENK eller ANS/DA må hovudinntekt hentast får verksemda.
  • Verksemda må ikkje vere konkurs eller under avvikling

Presisering om sakshandsaming

  • 250.000 vert i utgangspunktet vurdert mot bedrifter som var aktive 12.03.20.
  • 250.000 vert i utgangspunktet vurdert mot bedrifter som var aktive ved nedstenging mellom november-desember 2020 og fram til nå.
  • Saka vert handsama i kommunestyremøtet i juni 2021 etter innstilling frå formannskapet.

Korleis søkje?

Søknad via regionalforvaltning.no, søknadsfristen er  21. mai 2021

Trykk her for regionalforvaltning.no


Sist oppdatert: 26.04.2021
Publisert: 26.04.2021