HjemAktueltFriskliv og meistringKommune og fylkestingsval

Kommune og fylkestingsval

Valtinget 11.09.2023 vert halde i Fedje fleirbrukshall, frå klokka 1000 til 2000.
Grunna vøling etter vasslekkasje kan me ikkje nytta hovudinngangar denne dagen, me nyttar i staden sideinngong som ligg mot Husavatnet. Denne inngongen ligg til venstre når du står på parkeringsplassen framom bygget, det vil vera merka.
Har du spørsmål ta kontakt på telefon 90669831.

 

Oppteljing av valtingsrøyster 11.09.23

Oppteljinga vil verta gjort i Hjartebanken sine lokale, frå ca. klokka 2030. ( me treng litt tid frå valtinget er stengt i fleirbrukshallen til me er på plass og klar til å telje røyster. Oppteljinga vil verta strøyma utan lyd og er open for publikum.

 

Oppteljing av førehandsrøyster lagt til side og seint innkomne førehandsrøyster, vert i Hjartebanken tysdag 12.09.23 klokka 1700. Oppteljinga er open for publikum.


Sist oppdatert: 07.09.2023
Publisert: 07.09.2023