HjemAktueltNyheiterKoronasmitte i russemiljøet i Nordhordland

Koronasmitte i russemiljøet i Nordhordland

Ein person i russemiljøet i Nordhordland har fått påvist koronasmitte. Vedkommande bur i Alver og går på Austrheim vidaregåande skule.

Personen har vore på fest i friluftsområdet Haltejohansvika på Frekhaug.

Dei vidaregåande skulane i regionen tar direkte kontakt med russen og ber alle om å teste seg i sin heimkommune.

Samstundes ber kommuneoverlegane i Austrheim og Alver andre som har vore på fest i Haltejohansvika sidan torsdag 13. mai om å ta kontakt med kommunen sin for å få ein test. 

– Det er viktig at folk ikkje utset testen, men tar kontakt med kommunen sin og testar seg så raskt som mogleg, seier Peter Kubon, kommuneoverlege i Austrheim, og Terese Folgerø, kommuneoverlege i  Alver.

Dei oppmodar alle om å begrense sosial kontakt og følgje smittevernreglane.

– Vi kjenner ikkje smittevegen til personen som har fått påvist koronavirus. Difor går vi breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halde deg heime og teste deg på nytt, seier kommuneoverlegane.

Kommunelegane i Austrheim og Alver kommuner gir det generelle rådet at all russ ved Austrheim videregående, testar seg.

Det gjeld også dei som er busett på Fedje, og dei kan ta kontakt med Ernst Horgen, 56164031.


Sist oppdatert: 25.05.2021
Publisert: 21.05.2021