Tiltak mot koronavirus på Fedje
Oppdatert 16.04.21:
SITUASJONEN ER ALVORLEG, MEN DET SYNEST Å GÅ RIKTIG VEG ETTER PÅSKE. Ein justerer no ned dei nasjonale tiltaka, og overlet meire av smittevernet til region og kommune. På Fedje og i vår region er det lågt smittepress, men får vi smitte på Fedje, kan det bety stogg i vaksineringane og samanbrot i viktige teneste Vi er ikkje ferdig med fyrste vaksinedose til dei over 65 år før slutten av april.
DEI GENERELLE RÅDA
- NYTT: Å halde minst ein (1) meter avstand
- NYTT: Der ein ikkje kan halde 1 meter avstand, skal ein bruke munnbind
- Å ikkje handhelse,
- Å ikkje klemme
- Å nytte sprit eller såpe på hendene fleire gongar om dagen
- Ved sjølv milde symptom på luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime og helst la deg teste
REISERÅD
- Rådet er at munnbind skal nyttast på reiser, i taxi, i butikkar og på serveringsstadar når ein ikkje kan halde ein meter avstand.
- Ein tek på seg munnbind når ein skal til legen (før ein går inn på venterommet), fysioterapeuten, tannlegen og når ein skal ha vaksine mot covid19
- Folk bør sitje i bilen på overfarten med ferja. Mannskapen vert beden om å følgje med på kva som skjer
- Ein skal unngå reiser innanlands og utanlands som ikkje er heilt naudsynte.
- NYTT: Det er særs viktig å unngå reiser til og frå område i Noreg med høgt smittepress
- Ein kan dra på hytta, men viss det er mogleg, bør ein unngå kollektivtransport. Det vil seie at ein bør sitje i bilen på overfarten med ferja.
- NYTT: Heimekontor når det er mogleg, men det er ikkje lengre eit påbod
- Alle som kjem frå utlandet, skal registrere seg, skal ta Coronatest ved grensepassering og skal bu på i karantenehotell i minimum sju dagar(Forskrift)
IDRETT OG KULTUR
- Biblioteket tek imot og kan levere ut bøker.
- NYTT: barn og unge frå same kommune kan drive med kor, korps og teater
- NYTT: barn og unge under 20 år kan trene og drive med fritidsaktivitetar
- NYTT: utandørs kan vaksne drive organisert aktivitet så lenge ein kan halde minst ein meters avstand.
- NYTT: vaksne kan drive organisert innandørs aktivitet i grupper på inntil 10 personar så lenge ein kan halde minst 1 meters avstand
- NYTT: Fleirbrukshallen vert i større grad open enn berre for skulen. Ein har allereie ei kontrollert bruk av styrkerommet. I samarbeid med idrettslaget vil vi prøve å få på plass organisert bowling (Martin Karlsen), gaming med PC (Martin Karlsen) og innandørs aktivitet slik som badmington (Bjarte Villanger)
- NYTT: Symjehallen vert i dag nytta av skulen, symjeklubben og rehabilitering og trening under leiing av fysioterapeuten. I samarbeid med idrettslaget ved Martin Karlsen vil vi prøve å få til ei kontrollert opning av symjehallen for medlemmane av idrettslaget
SOSIALT SAMVER OG SAMKOME
- NYTT: ein bør i størst mogleg grad avgrense sosial kontakt. Ein bør ikkje ha besøk i heimen av fleire enn 5(fem) gjestar
- Det er anbefalt å avlyse alle arrangement som samlar personar frå fleire kommunar.
- Vil ein ha eit privat samkome utanom eigen heim, så er det maks 10 personar (Forskrift). Døme: bursdag
- Må ein halde eit arrangement (Forskrift)
- er det tillate med maks 10 personar utan faste tilviste plassar (Forskrift), men 50 om alle er under 20 år.
- NYTT: det er tillate med maks 100 personar på faste tilviste plassar (Forskrift)
- arrangør skal føre tilsyn og ha naudsynt vakthald (Forskrift)
- NYTT: utandørs kan ein ha 100 personar ( Forskrift)
SKULE OG BARNEHAGE
- Ingen endring for barnehage og barneskule. Gult nivå.
- Ungdomsskulen på gult nivå
TENESTER OG TILBOD TIL DEI ELDRE
- Dei eldre på sjukeheimen som ikkje er vaksinerte, kan få besøk av pårørande to gongar i veka. Besøkande må halde avstand og nytte munnbind. Ta kontakt med sjukeheimen som gir meir informasjon til dei som vil komme på besøk.
- Lege, prest, fotterapeut og frisør kan utføre rutinearbeid inne i sjukeheimen, men skal bruke munnbind.
- Dei tilsette i pleie og omsorgsarbeid må vere nøye med hygienereglane på fritida si
- Det tilsette skal nytte munnbind ved nærkontakt med brukarane som ikkje er vaksinerte
- Vi tek imot dagpasientar på sjukeheimen
- Vi har opna for aktivitetskafé når smittevernet er sikra med godt smittevern
SERVERINGSSTADAR
- NYTT: Det er skjenkestogg med forbod mot skjenking av alkohol etter kl.22 (Forskrift)
- NYTT: Det er berre lovleg med skjenking ved servering av mat (Forskrift)
BUTIKKANE
- Butikkane vert oppfordra til følgje med på at folk nyttar desinfeksjonsspriten, held avstand. at det ikkje er for mange i butikken samstundes og at dei som kjem, nyttar munnbind når det er vanskeleg å halde ein meter avstand.
Er ein i tvil når ein les dette, så er hovudinnhaldet at vi føl dei nasjonale råda og reglane så langt som det er mogleg. Er ein framleis i tvil, har ein spørsmål, bekymring for manglande smittevern, brot på smittevernreglane eller ein ynskjer ein COVID19-test, kan ein ta kontakt med kommuneoverlegen på vakttelefon 56164031
Venleg helsing
Ernst Horgen
Kommuneoverlege
Anna informasjon
- Nasjonale reglar og anbefalingar finn ein på www.fhi.no og www.helsenorge.no