HjemAktueltNyheiterInformasjon om det misfarga vatnet

Informasjon om det misfarga vatnet

Me jobber hardt for å løyse dette problemet. Ut ifrå dei testane som har blitt gjort, blandt anna av membranfilter i vassverket, så er vatnet reint når det blir sendt ut frå vassverket. Fargen på vatnet kjem mest truleg av jerninnhaldet frå røyra. Me sender inn ein ekstra prøve av vatnet til analyse, og forventer svar på denne på fredag eller laurdag. 

I ein sms frå kommunen som blei sendt ut 29. april skreiv me at vatn óg kan ha ein svart farge på grunn av blyrøyr. Dette var meint som eit ekstra eksempel på kva misfarga vatn kan komme av. Me har ikkje blyrøyr på Fedje, og me beklager at meldinga blei oppfatta sånn.  

Me har forståelse for at det kan opplevas som ubehageleg med misfarga vatn. Vasstanken som er kommen på plass på brannstasjonen i Kalvedalen er tilgjengelig for dei som ønskjer klart vatn. Me har no fått på plass ein kran, slik at de kan hente vatn heile døgnet via slangen utanfor brannstasjonen. Me vurderer situasjonen fortløpande, og kjem tilbake med meir informasjon når me veit meir.


Sist oppdatert: 30.04.2024
Publisert: 30.04.2024