HeimNyheterInformasjon frå legen

Informasjon frå legen

 

På Fedje sjukeheim bur dei sjukaste og dei som treng omfattande tenester frå lege og pleiepersonell. For å få dette til på ein god måte, vil vi som arbeider på sjukeimen legge alt til rette for godt samarbeid.

Mange av dei som bur på sjukeheimen, kan i liten grad ta vare på seg sjølv og treng støtte frå familie og pårørande. Pasientane skal i den grad det er mogleg, vere med og avgjere sin eigen kvardag og på kva måte vi kan gi god pleie og god medisinsk behandling. Ikkje sjeldan er pasientane avhengig av at pårørande deltek i denne prosessen og sikrar medbestemming.

 

Vi har frå 1.januar 2019 etablert nye rutinar for legevisittane ved sjukeheimen.

Dette skal styrke samarbeidet mellom dei tilsette slik at vi kjenner at vi er ein del av eit team der alle kan komme med innspel for at pasientane skal oppleve trivnad og kvalitet på tenestene.

 

Ikkje alle veker er like, og det vil skje at vi må avlyse legevisitten.

 

Legevisitten vil bli gjennomført kvar torsdag fra kl. 11 til 15.

Vi vil starte dagen med 20 til 30 minutt der vi i fellesskap drøftar faglege spørsmål, har intern opplæring og får fram om nokre av dei tilsette har noko dei vil ta opp.

 

Frå kl.11.30 til ca.kl.14 vil det bli møte med sjukepleiar, og rapportane frå heile veka blir drøfta og vurdert. Det vert skrive journal på alle pasientane kvar gong.

Den siste veka i kvar månad blir det det som vi kallar ei «legerunde», der legen har tilsyn med alle pasientane. Det vil seie at i løpet av eit år vil alle pasientane få legetilsyn meir enn tolv(12) gongar. Pårørande kan etter avtale med pasienten som bur på sjukeheimen, få vere til stades og komme med innspel eller spørsmål på dagen med «legerunde» .

 

Etter visitten startar vi med etterarbeid, og vi legg mellom anna opp til at alle torsdagar mellom kl.14 og 14.15 kan pårørande møte tilsynslegen. Ein melder sitt behov til sjukepleiar.

 

Eg ser fram til godt samarbeid med pårørande

 

 

Med venleg helsing

Ernst Horgen

Tilsynslege Fedje sjukeheim


Sist oppdatert: 08.02.2019
Publisert: 08.02.2019