Influensavaksinering 2021
Dette er risikogruppene:
- Personar som er 65 år eller eldre
- Vaksne og born med alvorlege luftsvegssjukdomar
- Vaksne og born med kroniske hjarte/karsjukdomar
- Vaksne og born med nedsett immunforsvar
- Vaksne og born med diabetes (type 1 og/eller type 2)
- Vaksne og born med kronisk nyresvikt
- Vaksne og born med kronisk leversvikt
- Vaksne og born med kronisk nevrologisk sjukdom
- Vaksne og born med svært alvorleg overvekt
Graviditet:
- Gravide i 2. og 3. trimester
- Gravide i 1. trimester og anna tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon
Anna informasjon:
- Helsepersonell med pasientkontakt
- Om du bur med nokon som har nedsett immunforsvar anbefalast det å la seg vaksinerast
- Viss du har tatt anna vaksine, må det gå minst ei veke før du tek influensavaksine
Pris
- Influensavaksinen kostar i år kr. 50,- i eigenandel for dei som er i risikogruppa. Har du frikort kostar det ingenting.
- Betaling med vipps eller kort
Vaksinasjonsdagar
- Torsdag 04. november kl 10. 00 – 15.00
- Fredag 05. november kl 09.00 – 14.00
- Stad: Fedje Fleirbrukshall. Ingen timebestilling, berre møt opp
- Ta gjerne på munnbind når du skal ta vaksine
Me ser helst at dei som skal ha vaksine møter ein av desse dagane. Viss du har time hos fastlege i dette tidsrommet, kan du be om å få vaksine når du kjem til timen. For spørsmål kontakt Fedje legekontor tlf 56 16 40 31 i kontortida.
Fedje legekontor
Odd Arild Ågedal
kommuneoverlege
Sist oppdatert:
19.10.2021
Publisert:
19.10.2021