HjemAktueltNyheiterINFLUENSAVAKSINE ER KOMEN NÅ

INFLUENSAVAKSINE ER KOMEN NÅ

Det blir opent for vaksine for risikogruppene i Fleirbrukshallen. Du skal sitje i bilen til du vert henta. Kjem du ikkje med bil, skal vi likevel ta imot deg og finne ein stad du kan vente på vaksine. Du må vente ein ½ time i Fleirbrukshallen etter vaksinen er satt. Viktig: To meter avstand til andre, vaske med sprit, ikkje handhelse, ver heime ved luftvegsinfeksjon.

Vaksinering vert fylgjande dagar;

Torsdag  29.oktober               kl. 0800 – 15:30

Fredag    30.oktober              kl. 0800 – 15:30

Fredag    06.november            kl. 0800 - 15:30

 

Vaksinen vil også i år koste kr. 100.

Risikogruppene er:

            -Hjartesjuke

            -Lungesjuke

            -Sukkersjuke

-Personar som er svekka av andre grunnar (leversvikt, nyresvikt, alvorlig

nervesjukdom, nedsett immunforsvar, grov overvekt =BMI >40).

-Alle personar over 65 år og gravide i 2. og 3.trim.

            -Dei som bur på institusjon (sjukeheim)

For desse gruppene kan influensa vere ein farleg sjukdom.

 

I tillegg vil vi tilby vaksine til alt helsepersonell. Dette vert betalt av kommunen.

 

Vil du ha vaksine ,men kan ikkje møte på dagane over, ta kontakt med leiande helsesjukepleiar Kjersti Nilsen Torstensen på tlf. 56165117 eller 408 02 756

 

Litt informasjon:

1)    Dei fleste influensaepidemiane kjem i perioden desember- januar

2)    For dei fleste er influensa ein ufarleg, men til tider svært ubehageleg sjukdom (med unnatak av risikogruppene du kan lese om i innleiinga)

3)    Influensavaksinen bør takast seinast 2-3 veker før ein epidemi, og helst før overgangen oktober til desember

4)    Influensavaksinen gjev vern mot influensasjukdom i ca. 3-4 månader og det må takast ny vaksine kvart år.

5)    Dei som har allergi mot egg, kan ikkje vaksinerast mot influensa

6)    Vi vaksinerer ikkje ved akutte infeksjonar

7)    Vanlegaste biverknader er ømheit på stikkstaden, litt feber og lette influensasymptom. Sjeldan allergi.

8)    VAKSINEN GJEV IKKJE VERN MOT VANLEG FORKJØLING.

 

 

Med venleg helsing

 

 

Kommuneoverlege                                                    Leiande helsesjukepleiar

Ernst Horgen                                                             Kjersti Torstensen


Sist oppdatert: 15.10.2020
Publisert: 15.10.2020