HjemAktueltFriskliv og meistringHeidersmerke til Janne

Heidersmerke til Janne

Kommunedirektøren kom til Fedje barnehage med kake, gåvekort og heidersteikn.
 
Ordninga er slik at etter 25-års teneste i kommunen vert tilsette tildelt jubileumsgåve og heidersteikn. Det er KS som administrerer ordninga og kommunen må søkje for å få tildelt merke til sine tilsette. På KS si nettstad står det:
 
«KS har i mange år delt ut heidersteikn til folkevalde og tilsette. Merket blir gitt til folkevalde og tilsette som har gjort ein særskilt samfunnsgagnleg og tenleg innsats som gagnar samfunnet og kommunen».
 
Fedje kommune takkar Janne Tangen for innsatsen, ei lang og trufast teneste, og gratulerer med tildelinga!

Sist oppdatert: 02.12.2022
Publisert: 02.12.2022