HeimNyheterHar du gamle filmer frå fiske, liv, og kultur frå Fedje?

Har du gamle filmer frå fiske, liv, og kultur frå Fedje?

Filmselskapet Aldeles som stod bak publikumsuksessen «Bergen – i all beskjedenhet» arbeider no med ein ny film. Denne gangen er det kystfolket som skal framstillast i filmen «Havfolket» (arbeidstittel).

I samband med dette søker filmselskapet etter gamle filmrullar som viser livet på kysten, eksempelvis fiske, sjømannsliv, liv og leik i fjæra, kvardag og arbeid, men også bryggedans og andre festligheiter.

Dersom du har materiale av interesse vil Aldeles bekoste skanning og digitalisering av materiale hos Antonio Stasi i Lille Øvregate i Bergen. 

Dette er ein fin moglegheit til å vise fram livet på kysten og på Fedje. Dersom du har gamle filmklipp, ta gjerne kontakt med produsentane for filmen for vidare samtalar. 

 

Kontaktinfo:

Produsent Elisabeth Kleppe, epost  elisabeth@aldeles.no  tlf: 92246985

Produsent Elin Sander, epost elin@aldeles.no  tlf: 91781028


Sist oppdatert: 20.06.2022
Publisert: 20.06.2022