HjemAktueltNyheiterGradvis barnehageopning

Gradvis barnehageopning

Her kjem det mykje informasjon om den kommande tida – ta kontakt om det er noko som er uklårt.

Barnehagens opningstider:

Barnehagen vil starte opp med ei redusert opningstid frå måndag 20.04.
Opningstida vil vere frå 08.00 – 15.30.
Innafor denne tida kan alle barn nytta barnehagen, og innanfor denne tida vil dei tilsette i barnehagen ha si arbeidstid.

Så langt det lar seg gjere skal alle nytta barnehagen i dette tidsrommet. Me har forståing for at dette kan by på utfordringar for enkelte, og kanskje ekstra når me t.d. er avhengig av ei ferje. For dei med samfunnskritiske funksjonar kan ein melde frå om tidlegare opning eller seinare stenging, dersom det er heilt naudsynt. Dette vil gjelde i tidsrommet 07.30 – 08.00 og 15.30 – 16.00. Dette må meldast frå om seinast dagen i forvegen innan klokka 16.00. Det må meldast frå om direkte til styrar.

Mat og måltid i barnehagen:

Barnehagen må også begrense deling av mat og gjenstandar. Frå og med måndag må borna ha med matpakke i barnehagen. Denne må innehalde måltid for både frokost, lunsj og frukt. Borna må også ha med seg eigen, merka, drikkeflaske.
Det vil ikkje bli tatt betaling for kostpengar i denne perioden borna har med seg mat sjølv.

Kohortar (små-grupper)

Borna vil bli delt opp dei som ein kallar «kohortar». Det vil vere ei fast gruppe born saman med ein fast vaksen. Borna vil ha eit fast leikeområde inne, men kan ha moglegheita til å blande kohortane når dei er ute.

Levering og henting

Som vanleg ønskjer me å få informasjon dersom bornet ditt er heime eller dersom de skal levere seinare enn kjernetida. Kjernetida startar som vanleg 09.00, og ein må vere førebudd på at det vil bli langt fleire ute- og turdagar no enn barnehagen pleier å ha. Dersom de då ønskjer å levere barnet etter klokka 09.00 kan det hende kohorten til ditt barn har gått på tur, og då er det du som føresett som må levere der dei er.
Før ein går heimanfrå er det anbefalt å vaske hender. Innafor inngang til barnehagen heng det handsprit som me ønskjer føresette skal nytta når dei kjem. Borna må bli tatt inn på badet og vaske hender før dei startar dagen i barnehagen. Dette er opp til oss tilsette å ordne. Dersom du skal levere eller hente i barnehagen, og det allereie er to – tre som blir henta/levert samstundes ber me om at de ventar utanfor til det er litt betre plass i gangen.

Dersom bornet ikkje skulle føle seg bra i barnehagen:

Dersom bornet ditt har symptom på sjukdom skal dei ikkje kome i barnehagen. Dette gjeld også milde symptom.
Borna skal vere heime i minst eitt døgn etter at dei har vore symptomfrie.
Dersom brnet ditt blir dårleg i barnehagen må de vere førebudd på å kunne hente bornet ditt på kort varsling.

Kven skal ikkje komme i barnehagen?

Om det er nokon i husstanden som har symptom på luftveisinfeksjon, men ikkje bekrefte covid-19, kan bornet komme i barnehagen. Dersom bornet får desse symptomane vil føresette bli kontakta, slik som nevnt i avsnittet over.

Dersom ein i husstanden har fått bekrefta covid-19, skal alle nærkontaktar haldas i karantene. Ingen personar som er i karantene kan møte i barnehagen.

Føresette som har luftvegssymptom skal ikkje møte i barnehagen saman med borna, men må finne andre løysingar for følging og henting av borna.

Norsk barnelegeforening har i samråd med Fokehelseinstituttet utarbeida ei oversikt over ulike diagnosar hjå born og unge og om det eventuelt skal takast spesielle hensyn. Born og unge som har kroniske sjukdommar, men kor det individuelt kan vurderes om det er grunnlag for at barnet skal halda seg heime er:

  1. Born og unge som er organtransplanterte
  2. Born og unge som er beinmargstransplanetere siste 12 mnd.
  3. Born og unge som er i aktiv kreftbehandling
  4. Born og unge med alvorleg hjartesjukdom
  5. Born og unge med alvorleg lungesjukdom og/eller har betydeleg redusert lungekapasitet.
  6. Born og unge med diagnostisert alvorleg, medfødt sjukdom i immunforsvaret i ustabil fase som gjer dei særleg utsatt for alvorleg luftvegsinfeksjon.
  7. Born og unge på immundempande medisin og aktiv kronisk sjukdom
  8. Det kan gjelde enkelte andre born med alvorlege diagnosar som ikkje er nevnt her. I desse tilfella må behov for tilrettelgat undervisning avklaras med behandlande bornelege.

Korleis fordeler me og korleis legg me opp dagane?

Borna er fordelt i grupper etter kva avdeling dei er på til vanleg. I rettleiaren blir det også informert om at me kan bytte på kohortane etter ei helg, og dette er noko me vil vurdere undervegs. Me kjem framleis til å ha samlingar og delvis grupper, me vil ha lange turar og mykje utetid. No i starten vil me nok trenge litt tid til å finne gode løysingar som vil passe for den nye barnehagekvardagen

 

Me ønskjer borna hjarteleg velkommen til ein litt annleis barnehagekvardag. Borna vil møte ein litt anna kvardag enn dei er van med, og det vil ta litt tid å komme inn i gode rutinar både for vaksne og born.  Noko som ikkje har forandra seg er gode leikekameratar, trygge vaksne og trygge rammer. Me skal gjere vårt ytterste for at ditt barn skal få gode barnehagedagar.

 

Riktig god helg, så sjåast me på måndag.

Mbh

Stine Waage


Sist oppdatert: 17.04.2020
Publisert: 17.04.2020