HeimNyheterFørehandsrøysting

Førehandsrøysting

Ta med legitimasjon og valkortet du har fått tilsendt.

Dersom førehandsrøysta di skal sendast til ein annan kommune, ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røystegjevinga når fram til det andre valstyret innan valdagen.

 

Du kan førehandsrøyste her:

På kommunehuset

Måndag – fredag 12. aug. – 6.sept. kl. 08.30-15.00

Laurdag 24 aug. og laurdag 31.aug.  kl. 11.00-14.00

På Fedje sjukeheim

Onsdag 4.september kl. 10.00-12.00

 

Om du ikkje kan møte opp i vallokalet, på sjukeheimen eller på kommunehuset på grunn av sjukdom eller fordi du er ufør, kan du be om å få førehandsrøyste heime. Fristen for å søkje om å røyste heime er onsdag 9.september 2019 kl. 12.00.

 

Slik søkjer du om å røyste heime:

Ring til kommunehuset på tlf 56 16 51 00 eller skriv eit brev til: Valstyret i Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje, eller send ein e-post til postmottak@fedje.kommune.no

 

 

Stian Herøy
Leiar valstyret
Fedje kommune


Sist oppdatert: 02.08.2019
Publisert: 02.08.2019