HeimNyheterFerjesituasjonen vår

Ferjesituasjonen vår

Gode innbyggjarar.

Eg forstår godt og deler den frustrasjonen dei fleste av oss har over situasjonen vår med manglande/dårleg ferjetilbod. Eg og fleire jobbar med å prøve og utbetre stoa.

Ferjesambandet vårt er drive av Fjord 1 på oppdrag frå Skyss, som er eit fylkeskommunalt selskap. Altså er det Skyss/fylkeskommunen som er ansvarleg for å oppfylla det samfunnsmandat dei har fått på drift av sambandet Fedje – Sævrøy.

Eg har fleire  gonger vore i kontakt både med Skyss og fylkesordførar for få ein akutt utbetring av situasjonen, samt å få til eit dialogmøte der næringsrådet og eg får legge fram våre problem. Dei svara eg til no har fått er som me alle diverre erfarer, ikkje gode.

Det er nok ikkje så lett å skjøne kva det haltande ferjetilbodet betyr for øysamfunnet vårt om ein ikkje bur her. Folk kjem seg ikkje til medisinske behandlingar eller tannlege, det er vanskeleg å komma på jobb og skule, post og matvarer kjem ikkje fram til oss her ute, og næringslivet får ikkje det dei har behov for. Dette er ikkje ein situasjon øysamfunnet vårt kan leve med, og eg trur me alle forventar at fylkeskommunen tar dette til seg og ordnar opp i det som er deira plikt og ansvar.

Eg og andre i den politiske leiinga på Fedje gjer det me kan for å påverke og betre situasjonen. Saka vert sjølvsagt reist politisk i fylkestinget, men me må ha ei ferje som går stabilt, og den må me ha no!

I mellomtida må eg berre takka dykk for at de er gode naboar og sambygdingar, som delar på bilane som tilfeldigvis står fast på «feil side», som tek med post og medisinpakker, og gjer det de kan for at skaden skal verte minst mogleg. Takk til alle som strekk seg litt lenger for naboen i desse tider, og så håpar me at «Fedjefjord» er attende så fort som mogleg.

 Med helsing frå ordførar Stian Herøy


Sist oppdatert: 13.01.2020
Publisert: 13.01.2020