HeimNyheterFedjelegen og sommaren 2020

Fedjelegen og sommaren 2020

LEGEKONTORET si opningstid:            

MÅNDAG frå 08 til 12
ONSDAG  frå 08 til 12
FREDAG  frå 08 til 12

Dette vert av og til endra. Bestill medisinar i god tid før ein går tom .


VED AKUTT ALVORLEG SJUKDOM ELLER SKADE, KVA SKAL PASIENT ELLER DEI NÆRASTE GJERE?

Når liv og helse er truga som ved til dømes akutte pustevanskar, fødsel,  stort blodtap, trafikkulykke, alvorleg skade, drukning, alvorleg brotskade, sterke brystsmerter, medvitslausheit, sjølvmordsforsøk, plutseleg problem med å smile, prate eller løfte arm eller anna som synest alvorleg og synest å haste.

Ring 113

Er du i tvil, ring 113

Vil du elles ha kontakt med legen som er på vakt og det er ikkje akutt fare for liv eller helse, ring 56164031. Du kjem anten til legekontoret, legen som har vakt på Fedje eller Nordhordland legevakt

PETROLEUMSLEGEATTEST OG FØRARKORT ved FEDJE LEGEKONTOR:

Når ein skal ha slik attest hos dr. Horgen, tek ein kontakt med legekontoret og seier frå om dette, slik at lang nok tid vert sett av. Ta med legitimasjon (bilsertifikat eller pass) og morgonurinprøve. Frå 01.juli 2019 vert det ikkje lengre gjort sjømannlegeundersøking på Fedje

FERIEVIKAR:

Vår danske vikar kunne ikkje komme pga COVID-19. Legekontoret er av den grunn utan lege i vekene 28 og30, men kontorsekretær er til stades desse vekene.

Har ein spørsmål eller problem knytt til Covid-19, vil kommuneoverlege Frøydis Gullbrå i Modalen ta seg av dette i veke 28 og veke 30. Tlf: 909 59 808

Venleg helsing  
Ernst Horgen


Sist oppdatert: 06.07.2020
Publisert: 29.06.2020