HeimNyheterEldremarsjen – Kalvedalen rundt 2019

Eldremarsjen – Kalvedalen rundt 2019

Fredag 14.juni 2019 kl. 16.00
Publisert: 29.05.2019
Sist endra: 29.05.2019

Dette er eit tilbod til både bebuarar på Fedje sjukeheim og til dei eldre som bur heime. Nokre synst kanskje det er tiltak å kome seg ut?? Bli med på ein felles oppleving – Kalvedalen rundt!

Alle kan vere med, uansett kor god ein er til beins, hjelpemiddel og hjelpande hender vil det vere nok av til alle. Dei som sit i rullestol (og dei som treng hjelp) får følgjeperson. Om du brukar rollator eller stokkar – dette er eit tilbod til DEG! Om du har lyst til å vere med, men kjenne deg for dårlig til beins kan det godt vere vi har ein rullestol eller rollator til låns til deg. Ta kontakt om du ser på det som en utfordring – vi hjelper deg!

Alle får diplom når dei kjem i mål ved sjukeheimen. Det vert pausar med benkar- og drikkestasjon undervegs.
Premien vil vere; eit steg for god helse, diplom og sosialt samvær med mange andre Fedjingar.

Kom å bli med! Om du kjenner deg for ung og for sprek til å bli putta i båsen «eldre» så meld deg som følgjeperson og hjelp til slik at ein som ikkje er fullt så sprek óg kan få vere med!!

 

Det vert SOMMARFEST etter marsjen!
Meld deg på til Nadine på tlf. 46846011 eller Kristin på tlf. 40438494 innan onsdag 12/6-19 (gjeld sommarfesten, påmelding til marsjen, om du ikkje treng ekstra hjelpemiddel, kan du gjere heilt fram til marsjstart).

Rømmegraut og spekemat kostar kr 50,- for dei som ikkje bur på sjukeheimen.

 

Marsjen går som følgjer: Start kl. 16.00 frå Sjukeheimen, gå rundt Kalvedalen og målgang igjen ved Sjukeheimen.

Egil kjører ein runde med Drosjen og tek deg med til sjukeheimen om du ikkje har andre til å hjelpe. Gi beskjed om du treng skyss når du melder deg på.

Kom og bli med - dette vert kjekt!

Ta gjerne kontakt om du vil vere følgjeperson eller medhjelper på drikkestasjon.

VELKOMEN

Hilsen Fysioterapitenesta og Sjukeheimen