HjemAktueltNyheiterEldremarsj 2022

Eldremarsj 2022

ELDREMARSJEN –KALVEDALEN RUNDT 2022

Torsdag 9.juni 2022 kl. 10.30

 

Dette er eit tilbod til både bebuarar på Fedje sjukeheim og til dei eldre som bur heime. Nokre synst kanskje det er tiltak å kome seg ut?? Bli med på ein felles oppleving – Kalvedalen rundt!

Alle kan vere med, uansett kor god ein er til beins, hjelpemiddel og hjelpande hender vil det vere nok av til alle. Dei som sit i rullestol (og dei som treng hjelp) får følgjeperson. Om du brukar rollator eller stokkar – dette er eit tilbod til DEG! Om du har lyst til å vere med, men kjenne deg for dårleg til beins kan det godt vere vi har ein rullestol eller rollator til låns til deg. Ta kontakt om du ser på det som en utfordring – vi hjelper deg!

Alle får premie og diplom når dei kjem i mål ved sjukeheimen. Det vert pause- og drikkestasjon undervegs. Premien vil vere; eit steg for god helse, diplom og sosialt samvær med mange andre Fedjingar.

Kom og bli med! Om du kjenner deg for ung og for sprek til å bli putta i båsen «eldre» så meld deg som følgjeperson og hjelp til slik at ein som ikkje er fullt så sprek og kan få vere med! Det vert GRILLPØLSER etter marsjen!

 

Meld deg på til Nadine på tlf. 46846011 eller Kristin på tlf. 40438494.  Alternativt har me påmelding på sjukeheimen frå kl 10.00 for dei som bestemmer seg i siste liten.

Egil køyrer ein runde med Drosjen og tek deg med om du ikkje har andre til å hjelpe. Gje beskjed om du treng skyss når du melder deg på.

 

Marsjen går som følgjer: Start kl. 10.30 frå Sjukeheimen, gå rundt Kalvedalen og målgang igjen ved Sjukeheimen.

Ta gjerne kontakt om du vil vere følgjeperson eller grillmedhjelper.

 

VELKOMEN

Hilsen Fysioterapitenesta og Sjukeheimen


Sist oppdatert: 07.06.2022
Publisert: 07.06.2022