HeimNyheterEit tonn med boss på to timar

Eit tonn med boss på to timar

Bossplukking i markaPlasten gøymer seg i lyngen

Når me kom ned, og såg utover Sildevågen såg me ingen boss, men når me kom ned til fjæra høyrde me plastikk som knakk under føtene. Etter riving i lyng, og gras kom sannheita fram. Det viste seg at under lyngen var det fullt i boss. Du kunne ikkje trakke eit steg utan at det knasa under deg. Det var som eit heilt nettverk av plastikk og mykje skrot som hang saman under bakken. Me fant ei stor not som låg under bakken i eit stort område. Vi måtte grave den fram med hendene, og dra den opp av jorda.

Utgangspunktet for denne oppryddinga var å rydde dei freda områda rundt Fedje, Holmengrå og Hellisøy i tillegg til øyane rundt hovudøya. På grunn av dårleg vêr måtte seglbåten som skulle komme snu i Fensfjorden, men me var mange likevel, og bestemte oss for å rydde hovudøya i lag. Dei to i frå Statens naturoppsyn hadde med seg ein hund som dei brukte til å leite etter mink, men dei fann ingen då me var der.

Her ser du ein liten del av den store nota               Elevane ved Nordhordland Folkehøgskule. Dei var rundt 30 stykker.

Frå venstre: Isabella, Maren og Eline.                  Ammar var til stor hjelp!

 

Mengda plast og anna maritimt avfall var mykje meir enn det me hadde trudd. Det ligg framleis enorme mengder att her på Fedje. Dette oppmodar me alle til å ta ansvar for å rydde opp og fjerne. Om du ser noko langs vegen eller i fjøra plukk det opp, gjer noko med det. Ikkje vent til nokon andre kjem og tar det, for det gjer dei ikkje. Me har alle eit felles ansvar for å halde øya vår rein.

Skriven av: 
Eline G.Husa
Frida Herøy


Sist oppdatert: 07.10.2019
Publisert: 07.10.2019