HjemAktueltNyheiterBli med på årets matfest!

Bli med på årets matfest!

Velkommen til matfest på Fedje! Me inviterer personar frå ulike nasjonalitetar til å forberede ein matrett frå sin kultur, slik at alle kan komme saman og smake, lære, og ta glede i kvarandre sin kultur. Alle er velkomne til å delta, også personar frå ulike regionar i Noreg! For å få dette til treng me personar som vil lage mat. Har du lyst til å være med, eller kjenner du kanskje nokon som bør bli med? Tips dei gjerne.

Dato: 15. september klokka 17:00.

 

Påmelding skjer til Nadine Gutte-Preusse på tlf: 46 84 60 11

Påmeldingsfrist: 23. august

 

Send inn din oppskrift og kva for ein nasjonalitet den høyrer til saman med påmeldinga. Deltakarar får sjølvsagt dekka utgifter for råvarer ved framvising av kvittering.

Me håpar så mange som mogleg vil bidra, sånn at me saman kan skape eit kjekt arrangement!


Sist oppdatert: 09.08.2022
Publisert: 09.08.2022