HeimLedig stilling som rektor ved Fedje barne- og ungdomsskule

Ledig stilling som rektor ved Fedje barne- og ungdomsskule

Fedje barne- og ungdomsskule er ein fådelt skule med ca. 70 elevar og ca. 12 faste undervisningsstillingar. Rektor er skulefagleg ansvarleg på kommunenivå, og har ansvar for vaksenopplæringa og SFO. Me har ein skule som har gode læringsresultat og driv kontinuerleg utviklingsarbeid. Me nyttar AART for å utvikla eit godt elevmiljø i eit positivt lokalmiljø. Det er høgt fagleg nivå i lærarkollegiet, og små klassar.
Publisert: 08.03.2019
Sist endra: 22.03.2019

BLI KJENT MED LANDSBYEN I HAVET !

Bilde av landsbyen i havet

 

Me ønskjer deg som har

-Pedagogisk kompetanse og helst erfaring frå 1-10 skule.

- Leiarerfaring  og/eller utdanning innan skuleleiing

- Kompetanse innan administrative verktøy og god kjennskap til offentleg sektor

 

Me er særleg ute etter deg som

- Set elevane si læring og læringsresultat i sentrum for skulen sitt arbeid

- Kan motivera tilsette og elevar, og tek initiativ til pedagogisk og administrativ nytenking

- Har stor glede over utvikling av læring og har god arbeidskapasitet

- Kan vere ein god leiar i medvind og motvind.

 

Me byr på

- Ei interessant leiarstilling med varierte oppgåver i eit aktivt og hyggeleg arbeidsmiljø

- Godt samarbeid mellom rektor og dei ulike trinnteama

- Ein skule med symjebasseng og fleirbrukshall, god PC-dekning og godt trådlaust nett, ny naturfagssal, activeboard/smarttavler i klasseromma, bra plass og utstyr til estetiske fag.

- Hjelp til å skaffa bustad, barnehageplass i ein liten barnehage og eit godt oppvekstmiljø.

 

Utvida søknadsfrist: 04.04.2019.
For meir informasjon: Rådmann Nils Moldøen – tlf 56165106/ 91107377

Send søknad med CV og minst 2 referansar til Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje eller postmottak@fedje.kommune.no.

For å få eit inntrykk av kommune vår:
www.fedje.kommune.no eller sjå filmen om Fedje!