HjemAktueltKampanjerFedjefolk i farta: Paul har budd i båten i 12 år!

Fedjefolk i farta: Paul har budd i båten i 12 år!

Papegøyen passar på samlinga av japanske kokebøker om bord i "Madam Min", båten som har vore Paul M. Knapskog sin heim dei siste 12 åra.
Publisert: 20.08.2018
Sist endra: 28.01.2019

Båten heter Madam Min og vart kjøpt på Mallorca for 12 år sida. Namnet var kanskje eit resultat av førtiårskrise-- eg hadde ikkje dame på den tida. Eg har dame no, men ho vil diverre bo i Bergen. Enn so lengje.

I båten er det paradis på Fedje om sommaren men kaldt om vinteren.

Eg har alltid hatt draumen om å bu i båt, og kombinert med få og ingen hus til leige på den tida, vart draumen forsterka. Men, eg fekk ikkje råd til båt før eg hadde budd i Bergen, og selde leiligheten min!

I tillegg til å arbeida som fiskar og er matros i BB, leiar meg ut gjennom firmaet mitt, Knapskog i Tareskogen, og ellers tek eg arbeid som kjem min veg.

Eg gong må eg vel bli vaksen og flytte på land. Draumen er å byggja hus på Fedje. Eg vil gjerne  byggja meg ei tradisjonell norsk lemstove, med japanskinspirerte detaljar. Eg er inspirert av japansk arkitektur og er også svak for det japanske kjøkken.

Paul si beste japanske bønnegryte:

Du treng:

500 g grønne bønner, (Brekkbønner, aspargesbønner)

ein purreløk, ikkje alt det grønne..

ein liten tommel fersk ingefær, finhakka, eller raspa.

2-3 fedd kvitløk

olje til steiking

2-400 g kjøttdeig av svin (best med svin, funkar med storfe også)

30-40 ml soyasaus, bruk den uten salt, sunnere!

chilli, fersk. Kutt denne i skiver

Sesamolje. Denne brukast som eit krydder, er veldig «potent» tar lett over smaken, så her må ein vera litt forsiktig, ei teskje eller to, maks.

Slik gjer du:

Kok opp vatn, ha i dei grønne bønnene, kok opp igjen og ta dei ut av vatnet. Ha dei opp i iskaldt vatn for å stoppa kokinga, sil av og legg til side.

Start med å varma olje i ein wok eller ei litt stor steikepanne. Ha i kvitløken, ingefæren og purreløken. La dette verta mjukt, ha så i kjøttdeigen, la den bli brun.

Ha i bønnene og chilien, tilsett soyasausen. La bønnene verta gjennomvarme, og du er klar til å servera! Sjølvsagt med kokt ris til!

Dette er ein favoritt hos oss, og aukar ein mengde bønner i forhold til kjøt vert det jo ganske så sundt også!

Håpar det smakar!

Paul