HjemAktueltNyheiterHugs å levere lånte bøker til biblioteket

Hugs å levere lånte bøker til biblioteket

Me oppfordrar alle til å ta ein sjekk heime om de har bibliotekbøker liggande i hyller og skap. Me ser at det er svært mange lånarar som ligg utan kontaktinformasjon i systemet, og me får difor ikkje sent ut påminningar til dei det gjeld. Det er mange som vil lese bøkene som er borte, så me set pris på å få dei tilbake. Hos oss har me per no ikkje noko gebyr for seint innleverte bøker, så enten du har 2 eller 20 bøker heime så kan du levere med god samvittighet.
Om du er usikker på om du har lånt bøker så kan du sende oss ei melding på Facebook, sende mail til biblioteket@fedje.kommune.no, eller komme innom i opningstida. Då kan me sjekke, og eventuelt skrive ut ei liste over dine lån slik at det blir enklare å leite dei fram. På førehand takk!

Sist oppdatert: 30.04.2024
Publisert: 30.04.2024