Vilkår for tilskot til unge og barnefamiliar

Fullstendige vilkår for tilskot til unge og barnefamiliar som kjøper tomt i Torvhaugane, finn du her.

I møte i Fedje kommunestyre 8. oktober 2015 (i sak 060/15) vart vilkåra for tilskot til tomtekjøparar i Torvhaugane bustadfelt vedtatt. Følgjande vilkår er gjeldande:

 

1. Søkjar må vera registrert busett på Fedje.
2. Søkjar må vera yngre enn 35 år på det tidspunkt kjøpekontrakt med kommunen vert underskrive.
3. Dersom søkjaren er eit par, kan ein av søkjarane vera eldre enn 35 år.
4. Om søkjaren er eldre enn 35 år, får søkjaren likevel tilskot dersom han/ho har barn eller har forsørgeransvar for barn som er yngre enn 16 år på på det tidspunkt kjøpekontrakt med kommunen vert underskrive.


Dei som oppfyller vilkåra for tilskot må betala same pris som andre for tomta, men 50% av kjøpesummen vert sett av på eigen konto i kommunerekneskapen. Kjøpesummen er summen slik denne står på skøytet på tomta. Summen vert utbetalt som eit tilskot til kjøpar i 5 like delar. Første utbetaling vert eit år etter at skøytet er tinglyst og tomta betalt. Andre utbetaling vert to år etter at skøytet er tinglyst osb. Kommunen får rentene på tilskot som ikkje er utbetalt.


Ved andre utbetaling av tilskot må igangsettingsløyve til å bygga bustad på tomta vera godkjent av kommunen. Ved tredje og seinare utbetaling av tilskot, må søkjar bu i bustad på tomta for å få tilskot. Dersom eit av desse vilkåra ikkje vert oppfylt, vert tilskotet likevel utbetalt når vilkåret er oppfylt. Dersom søkjar ikkje bur i bustad på tomta 4 år ettar at skøytet er tinglyst og tomta betalt, fell heile tilskotet bort og kommunen vil krevja utbetalt tilskot attende.


Mottakar av tilskot må vera registrert busett på Fedje på utbetalingstidspunkt.


Dersom bustaden vert selt, fell ikkje utbetalt tilskot bort. Kommunen krev ikkje at utbetalt tilskot vert betalt attende til kommunen dersom bustaden vert selt. Som salstidspunkt gjeld tinglysingsdato for skøyte på ny eigar.

Skriv ut Skriv ut
Web levert av CustomPublish