Vilkår for kjøp av tomter og båtplassar

Utfyllande vilkår for kjøp av tomter og båtplassar i bustadfeltet i Torvhaugane finn du her.

I møte i Fedje kommunestyre 8. oktober 2015 (i sak 059/15) vart vilkåra for sal av tomter og båtplassar i Torvhaugane bustadfelt vedtatt. Følgjande vilkår er gjeldande:


Tomter:
1. Kjøpar betalar 30,- kr pr m2 for råtomt.
2. Kjøpar betalar tilknytningsavgift for vatn og kloakk etter dei reglar som gjeld på tidspunkt for kjøp.
3. Kjøpar betalar 656.000,- kr for opparbeiding av veg, vatn og kloakk. Summen vert justert i samsvar med konsumprisindeksen ved sal etter 1. januar 2016. Grunnlag : indekstal for januar 2016.
4. Kjøpar betalar gebyr for tinglysing av skøyte. Fedje kommune betalar for oppmåling.
5. Kommunen vil selja tomta med rett til å kjøpa ho attende dersom sjølve tomta ikkje er teken i bruk to år etter at kjøpekontrakten er underskriven. Kjøpesummen er då den same som kommunen selde for.
6. Om ei tomt vert delt i to, vert prisen 50%.


Båtplassar:
1. Saman med tomt følgjer det med rett til ein plass i flytebrygge med maks bredde lik 3,0 meter.
2. Kjøpar betalar 20.000,- kr pr meter breidde for denne retten.
3. Kjøpar betalar for brygga når den er ferdig opparbeidd.
4. Om kjøpar ikkje vil betala og ta i bruk retten sin når når brygga er ferdig opparbeidd, vert kjøpesummen justert i samsvar med konsumprisindeksen fram til overtakingstidspunkt.
5. Kjøpar kan ikkje selja retten til plass i flytebrygga utan å selja hustomta.
6. Kjøpar betalar sin del av kostnadene med vedlikehald/drift. Er det til dømes 10 plassar i brygga, betalar kjøpar 1/10-del av vedlikehaldet uavhengig av kor mange plassar Fedje kommune eig av dei 10.
7. Kjøper er forplikta til å vera medlem i eit sameige for brygga.
8. Formannskapet fastset ny pris for plass i flytebrygge når kostnadene med bygging av bryggeanlegget er kjent.

Skriv ut Skriv ut
Web levert av CustomPublish