Fedje - innseglinga med ferja -EVmar14

Vedtak om å ta i mot flyktningar

Fedje kommune gjorde i møte i kommunestyret 18. juni 2015 vedtak om å ta i mot inntil 10 flyktningar i året i fire år.

Eit stadig større behov for å sikra menneske på flukt tryggleik, gjorde at ordførar i Trondheim kommune, Rita Ottervik, i brev til alle kommunane i landet oppmoda om å auka innsatsen for busetting av flyktningar. Fedje kommune følgde oppmodinga, og i kommunestyret vart det eit stort politisk fleirtal (13 mot to stemmer) for å auka busettinga av flyktningar frå seks til inntil ti i året.

Heile vedtaket kan du lesa ved å trykka på lenka under:

Flyktningar - auke antall - k-sak 025-15.pdf

Web levert av CustomPublish