Kystsogevekene 2018

UTVIDA FRIST: Kystsogevekene - innsendingsfristen til programmet er 22. mai

Kystsogevekene opnar i 2018 laurdag 4. august under den store veteranbåtfestivalen Fjordsteam i Bergen. Nytt av året vert ei offisiell avslutning for Kystsogevekene under skutefesten 15. og 16. september i Rosendal i Kvinnherad kommune. I løpet av desse seks vekene vert det mange små og store arrangement på både sjø og land. 

Bak arrangementa står ei rekkje ulike aktørar og for mange av desse er det no tid for å starta planlegginga av årets arrangement. For å koma med i programmet 2018 er innsendingsfristen 22. mai. På www.kystsogevekene.no finst det eige registreringsskjema for dette. Bilete sender du inn til kystsogevekene@hfk.no 

På nettsida finn du også informasjon om korleis du kan søka om arrangementsstøtte . Det er Grieg Foundation og Stiftelsen Neptun som mogleggjer at Stiftinga Kystsogevekene kan hjelpa lokale arrangørar med litt direkte pengestøtte.

Sjekk også ut sida med programtips - der finn du informasjon og idear som kan vera nyttig i arbeidet med å setja saman programmet til ditt arrangement.

Sjekk også ut Youtube-vindauget - der finn du 28 ramsalte innslag om kystkultur som er produserte sidan nyttår.

Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland Fylkeskommune for å fremja kystkultur. Kystsogevekene speglar kystkultur frå alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar. Har du idear som kan bli til gode arrangement, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Stiftinga Kystsogevekene,  Kjell Magnus Økland,  Tlf +47 95 04 67 39,  e-post: kystsogevekene@hfk.no

-
-
Web levert av CustomPublish