Oppheng

Utstilling til sjøs!

Reisande med «Fedjefjord» kan framover glede seg over ny kunst på veggane i trappeoppgangene. Bileta er ein del av eit skuleprosjekt utført av 8 og 10.klasse på Fedje skule kalt «Kniven i aksjon». Prosjektet gjekk ut på at skuleungdommen fekk produsere sine eigne knivar, og ta bilete av dei. Utstillinga hang på Kafé Losen tidlegare. Lærar Saskia Trägner og professor Tone Sævi fekk god hjelp av Frida (13 år) og Amalie (12 år) til å henge opp dei flotte bileta.

Nærbilde kniver
Web levert av CustomPublish