Trivselsleiare

Trivselsleiarane på Fedje skule bak frå venstre: David Norstrand (9.klasse), Eline Gausemel Husa (8.klasse), Dorthea Gullaksen Tungland (10.klasse), Sivert Koppen (9.klasse). Midten frå venstre:Iman Abasha (6.klasse), Hanna Holgersen (4.klasse), Lieanne Denise M. Saroca (5.klasse) og Sindre Waage (6.klasse) Foran frå venstre: Margaret Essien Etokebe (4.klasse), Amanda Mandelid (7.klasse).

Trivselsleiare skapar trivsel på Fedje skule

Denne veka starta skulen opp med Trivselprogrammet, eit internasjonalt tiltak som skal kjempa mot mobbing.

– Det er veldig kjekt å være Trivselsleiar, seier niendeklassingen Sivert Koppen, før han må passa på at leiken i skulegarden går rett for seg. Det er flygande tennisballar, kjeglar og fleire oppmerka mål i ein firkant som verkar kompleks for ein utanforståande. Men Koppen og dei andre leiarane instruerer engasjerte medelevar utan problem.

Niendeklassingen er ein av ti Trivselsleiare på Fedje skule. Dei er elevar frå 4.-10. trinn som skal leggje til rette for auka aktivitet i storefriminuttane. Trivselsleiarene er valt i klassen gjennom søknadar og nominering. Dei har vore på kurs i Vestlandshallen på leiaropplæring, der dei også har lært seg mange nye leikar og aktivitetar,  som «Pølse i brød» og «Capture the flag» .

– Vi byrja jobbe med programmet denne veka, og eg har veldig trua! seier Ole-Henrik F.Vik, som er fersk lærar på skulen og har ansvar for programmet.

Han er glad skulen er godt i gong og seier han er svært nøgd med trivselsleiarane

Hausten 2016 nytta øve 1200 skular i Noreg, Sverige, Danmark og Island Trivselsprogrammet. Det er representert i alle landets fylkar og i meir enn 160 kommunar i Noreg.

 

 

Ole-Henrik
Ole-Henrik F.Vik, fersk Fedjelærar og ansvarleg for Trivselsprogrammet, har stor tru på det nystarta prosjektet.
Web levert av CustomPublish