Trekkfuglane kjem - Mattilsynet treng hjelp frå deg for å ta fugleinfluensaprøver

I desse dagar kjem trekkfuglane frå Sentral-Europa til Norge. Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er høg risiko for at desse fuglane kan bære med seg smitte til Norge. Mattilsynet vil difor intensivera overvakinga av villfugl for tidlig å kunne oppdage når fugleinfluensa kjem til Norge.

Mattilsynet oppmodar folk som ferdast langs sjø og vatn og våtmarksområder om å informere Mattilsynet ved funn av sjuke eller døde fuglar.

Slik melder du frå

Fuglar som er døde av ytre skader, er avmagra eller rotne er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøkje for fugleinfluensa. Men finn du dette bør du kontakte Mattilsynet:

  • Fleire (4-5) sjuke/døde "andefuglar" i eit avgrensa område i nærleiken av vatn/sjø eller våtmark.
  • Mange andre døde fuglar i eitt og same område.
  • Død rovfugl på typiske opphaldsstader for andefuglar.
  • I Rogaland vil vi at folk skal melde frå om alle døde fuglar (treng ikkje være 4-5) utan synlige ytre skader av artane andefuglar (ender, gjæss og svaner), vadarar, åtselfuglar (kråker og ravn) og rovfuglar.

Nord-Trøndelag, Rogaland, Østlandet og Oslofjord-området er mest sannsynlig landingsplass for desse trekkfuglane.

Andefuglar (ender, gjæss og svaner), måkefuglar, vadarar, rovfuglar og åtselfuglar (til dømes kråker) er mest utsette for smitte.

Du skal melde frå til Mattilsynets distriktskontor på tlf. 22 40 00 00, som i kvart enkelt tilfelle vil vurdere behovet for å sende inn fuglen/fuglane til nærare undersøking. Av omsyn til generell smittefare skal alle unngå å komme i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.

Store konsekvenser for tamme fuglar

Typen av fugleinfluensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneskje. Fugleinfluensaen er dødelig for både ville og tamme fuglar. Det er difor viktig å sikre at ville fuglar ikkje kjem i kontakt med tamme fuglar i Norge.

I tillegg til overvakinga har Mattilsynet sett i verk ei rekke tiltak for å hindre at fugleinfluensaen smittar tamme fuglar i Norge. Blant anna har Mattilsynet  laga ei "Portforbudforskrift" som slår fast at tamme fuglar skal haldast inne eller ute under tett tak. Dette kravet gjeld for tamme fuglar i følgande område: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Dersom du har fjørfe og/eller andre fuglar i fangenskap (ikkje burfuglar inne) og bur i desse områda, må du også hugse å registrere fjørfehaldet ditt hjå Mattilsynet. 

Web levert av CustomPublish