Stillingsannonse mal vår bilde

To vikariat ledig på sjukeheimen! Moglegheit for forlenging.

Vi søkjer etter autorisert sjukepleiar eller vernepleiar frå 01.05.2018. To vikariat på 100 % er ledig. Det eine til 15.08.2018, det andre til 01.09.2018, med moglegheit for forlenging.

 

Fedje sjukeheim har 12 senger, der to av dei er avset til korttidspasienter. Heimesjukepleien er integrert i sjukeheimsturnusen. Sjukepleiarane arbeider for tida i ein todelt turnus med bakvakter knytta til seinvakter og kvar tredje helg. På sjukeheimen er det ein spanande arbeidskvardag med forskjellege utfordringar og høve til å utvikle seg. Vi verdsett dei gylne augeblikka og kvalitetsforbetring høgt.

Den som vert tilsett må ha følgande evner/eigenskaper:

- Solid fagkunnskap

- Sjølvstendig og ansvarsbevist, positiv og løysingsorientert

- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

- Bidra aktivt til kontinuerleg kvalitetsforbetring

- Kunne lære av andre og dele sin kunnskap med andre

- Ha evne til å ta gode beslutninger i en travel kvardag

- Kunne arbeide både aleine og saman med andre, også tverrfagleg

- Kunne godt norsk eller anna skandinavisk språk, både muntleg og skriftleg

 

Arbeidsoppgåver:

- Oppfølging av pålagt handsaming og informasjon

- Handsaming av medikamenter

- Dokumentasjon i EPJ

- Kartlegge behov for sjukepleie, prioritere og sette i gang sjukepleietiltak

- Faglege prosedyrar

Personlege eigenskaper vil vert vektlagt.

 

Vi tilbyr:

- Høve til å lære og utøve kunnskapsbasert sjukepleie

- Høve til å delta aktivt i vidareutvikling av eit godt fagmiljø

- Særs god pensjonsordning gjennom KLP

- Hjelp til å skaffe bustad
- Gratis bruk av symjehall

Søknadsfrist 15.april 2018 Nærare opplysningar får ein ved å kontakte pleie og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse på 56165142/46846011 eller nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no Søknad med CV med minst 2 referansar sender du til Fedje kommune Stormarkvegen 49 5947 Fedje eller e-post: postmottak@fedje.kommune.no

Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår: http://www.fedje.kommune.no/her-kan-du-sjaa-fedjefilmen.6073533-299349.html

Web levert av CustomPublish