HPV-vaksine

HPV-vaksine

Tilbod om gratis HPV-vaksine til unge kvinner fødd 1991 og seinare

Norsk forsking har vist at virus ( HPV) er ei hovudårsak til kreft i livmorhals, og mange av tilfella kan førebyggjast med vaksinasjon. Dette vert kalla HPV-vaksine.

Norsk forsking har vist at virus ( HPV) er ei hovudårsak til kreft i livmorhals, og mange av tilfella kan førebyggjast med vaksinasjon. Dette vert kalla HPV-vaksine.

HPV ( humant papillomavirus) er den vanligaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarlig og går over av seg sjølv, men nokon får vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 dør av sjukdommen. Vaksinen kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt. 

HPV- vaksinen vart innført som en del av barnevaksinasjonsprogrammet for jenter på 7. klassetrinn frå og med skuleåret 2009/2010. På initiativ frå Folkehelseinstituttet får unge kvinner født i 1991 og seinare no tilbod om å få gratis vaksine med start i november 2016.

Siste frist er innan utgongen av 2019, men det kan være lurt å skunde seg og få vern snarast mogleg. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar og blir gitt i løpet av 6-12 månader.

Du kan ringe til vår leiande helsesøster Kari Linn Hesjedal 56165117 eller mobil 94 50 67 46 og avtale tid for vaksinasjon.

For meir informasjon sjå:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/hpv/informasjon-om-hpv-vaksine-til-unge-kvinner/

Web levert av CustomPublish