Hjartebanken logo

Tilbod frå Hjartebanken: Aktivitetskafé, ungdomskafé og ope småbarnstreff!

Les meir om tilboda her!

Hjarteleg velkomen til aktivitetskafé!

Aktivitetskafeen skal vere ein møteplass for vaksne og er open for alle. På denne måten ønskjer vi å leggje til rette for sosialt samvær, engasjement og aktivitet.

  • Stad: Hjartebanken, Stormarkvegen 47, 5947 Fedje
  • Opningstid:  måndag og onsdag kl 10.00 – 14.00, inga påmelding!
  • Leiast av sosialpedagog Anja Helbig og miljøarbeidar Anita Duesund, som du kan kontakta på telefon: 56 16 51 15.
  • Lunsj får du kjøpt for 50 kr. Påfyll av kaffe, te, saft eller jus er gratis.
  • Kvar 1. mandag i månaden spelar vi bingo.
  • Kvar måndag kl. 13 startar fysioterapeut Kristin Aase med turgruppa rett framfor huset vårt.
  • Vi har mykje utstyr som du kan nytta til hobby og handarbeid.

 

Aktivitetskafeen skal vere ein hyggeleg og sosial stad, der vaksne i alle aldrar møtast.

Vi gler oss til å bli kjend med dykk - gjennom triveleg samvær!

 

Hjarteleg velkomen til ungdomskafé!

Ungdomskafeen skal vere ein gratis møteplass til deg frå 8. til 10. klasse. Her kan du opphalde deg saman med dine venner. Målet er å fremme sosial inkludering, deltaking, samt psykisk velvære.

  • Du har mogelegheit til å spele spel og høyre musikk
  • For 20 kr får du kjøpt varm mat
  • Du kan i tillegg kjøpe snop (sjå eiga prisliste)
  • Vi er open for dine innspel, forslag og ønskjer, men vi tar óg gjerne imot nye idear og kritikk.
  • Stad: Hjartebanken, Stormarkvegen 47, 5947 Fedje
  • Opningstid:  tirsdag kl 18.30 - 21.00

Om du har spørsmål kan du ringe  56 16 51 15.

 

Hjarteleg velkomen til ope småbarnstreff!

 

  • Småbarnstreff er ein gratis møteplass for deg som er heime med små born i alderen 0-6 år. Óg du som snart ventar born er hjarteleg velkomen. Her kan du bli kjend med andre foreldre, utveksle erfaringar eller berre vere saman med andre. Målsettinga er å bidra til å bygge nettverk mellom vaksne og born via felles aktivitetar som leik og måltid.
  • Stad: Hjartebanken, Stormarkvegen 47, 5947 Fedje
  • Opningstid:  torsdag kl 10-12, inga påmelding
  • Leiast av sosialpedagog Anja Helbig, som du kan kontakta på telefon: 56 16 51 15.
  • Du er sjølv ansvarleg for bornet ditt under opphaldet. 
  • Lunsj får du kjøpt for 50 kr. Påfyll av kaffe, te, saft, jus eller kakao er gratis.
  • Det står ein vannkokar disponibel dersom nokon skulle ha behov for varmt vatn.
  • Vi har utstyr og leiker som alle kan nytta seg av, så lenge det bli rydda på plass att.
  • Vi følgjer skuleruta og har stengt i skuleferiane.

 

Småbarnstreff skal vere ein hyggeleg og sosial møteplass for både vaksne og born.

Kom saman med bornet ditt! Vi gler oss til å bli kjend med dykk - gjennom triveleg samvær og leik!

 

Web levert av CustomPublish